Heia Fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heia Fotball med Erik «Myggen» Mykland som gjest 16. mai 2017. Frå venstre: Tete Lidbom, Mykland, Sven Bisgaard Sundet og «nettsjef» Lars Haugdal Andersen.
Foto: Christer Dahl/NRK

Heia Fotball er ein norsk podkast om fotball frå NRK P3 som hadde premiere 7. februar 2014.[1] Podkasten består av programleiarane Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom, med Lars Haugdal Andersen som produsent og bakmann.[2] Eit portrettintervju av ein gjest utgjer hovuddelen av episoden, som varar i omtrent 90 minutt. Programmet har òg ei spalte om breiddefotball og innlemmingar i Heia Fotballs «Glory Hall».[3]

Dei fyrste åra var podkasten spekka av ymse spalter, som opplesing av lyttarbrev i «Post og breve» og diskusjonar om fotballhendingar frå veka. Heia Fotball gjekk som eit eige radioprogram på P3 mellom 20. august 2016 og 2. juni 2018, og radioprogrammet tok over mange av desse spaltene - medan podkasten hovudsakleg vart eit meir tidlaust intervju med gjesten.[4]

For å setje fokus på breiddefotballen, lyfte fram eldsjelene og hylle dei som går og ser kampar nedover i divisjonane, har Heia Fotball fleire gongar vore på breiddeturar rundt om i Noreg.[5] Der har dei besøkt klubbar, formidla historiar og publisert daglege podkastepisodar. I 2016 gjekk programleiarane 130 km frå Lerkendal til Guldbergaunet.[6] I 2017 gjekk turen frå Steinkjer til Tromsø, og i 2018 var det innlands- og Sør-Noreg som fekk besøk, då ruta gjekk fra Trondheim til Mandal.[7][8]

I 2017 vart Heia Fotball nominert til Prix Radio i kategorien Årets Podkast.[9]

I august 2019 starta Heia Fotball med «Aktuell Rapport», ein kortare podkastepisode på 15-20 minutter, publisert tidleg på måndagar.[10] Han inneheldt prat om aktuelle fotballhendingar i frå helga og gav tips i Fantasy Premier League. Mellombels siste episode av «Aktuell Rapport» vart publisert 11. mai 2020.

Programleiarane bidrog under NRK1 sine direktesendingar frå Oslo under Fotball-VM i Brasil 2014 og redaksjonen rapporterte på podkast og mange sosiale plattformer frå EM i Frankrike i 2016.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Heia Fotball». Henta 4. juni 2015. 
  2. Steinkjeravisa. «Lars spiller Steinkjersangen for 2,3 millioner lyttere». 
  3. «Heia Fotballs «Glory Hall»». 
  4. NRK P3 (18. august 2016). «− Det blir mer lytterkontakt og fjas». 
  5. Norges Fotballforbund (15. april 2016). «Heia Fotball fra P3 ønsker å sette fokus på breddefotballen!». 
  6. Trønder-Avisa (8. april 2016). «Heia Fotball-gutta går tretten mil for å se Steinkjer spille». Arkivert frå originalen 1. september 2019. Henta 2. oktober 2019. 
  7. NRK P3 (21. april 2017). «Heia Fotball gjør det igjen». 
  8. Hallingdølen (5. oktober 2018). «Reiste på roadtrip for breiddefotballen». Arkivert frå originalen 5. mai 2019. Henta 2. oktober 2019. 
  9. Medier24 (20. juni 2017). «Hvem stikker av med årets radiopriser?». 
  10. NRK P3 (19. september 2019). «Heia Fotball utvider: Ukentlig FPL-prat i mandagspod». 
  11. Lindesnes Avis (5. juni 2014). «Jeg har drømmejobben». Henta 17. mai 2015. [daud lenkje]
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.