Heide Rosendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heide Rosendahl
Heide Rosendahl 1972 Umm al-Quwain stamp.jpg
Rosendahl på eit frimerke frå Dei sameinte arabiske emirata
Fødd 14. februar 1947
Hückeswagen
Yrke friidrettsutøvar, sprinter, femkjemper
Heide Rosendahl på Commons

Heidemarie Rosendahl, gift Ecker-Rosendahl, (fødd 14. februar 1947 i Hückeswangen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk friidrettsutøvar som tevla for Vest-Tyskland. Ho vann to gullmedaljar og ein sølvmedalje under sommar-OL 1972 i München. Året i førevegen vart ho europameister i femkamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rosendahl tok sølvmedaljen i femkamp under EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho var småskadd under dei olympiske leikane 1968 i Mexico-byen, og vart nummer 18 i lengdehopp og trekte seg frå femkamptevlinga. Året etter sette ho verdsrekord i femkamp med 5155 poeng. I 1970 sette ho ny verdsrekord i lengdehopp med 6,84 m då ho sigra i universiaden i Torino. Rekorden stod i fem år.

Rosendahl vann gullmedaljen i femkampen under friidretts-EM 1971 i Helsingfors. I same meisterskapen fekk ho bronsemedaljen i lengdehopp med sluttresultatet 6,66 meter.

Under sommarleikane i München i 1972 vann Rosendahl lengdetevlinga med eit hopp på 6,78 meter, ein centimeter lengre enn det Diana Jorgova frå Bulgaria oppnådde. I femkampen tok ho sølvmedalajen, med 4791 poeng hamna ho ti poeng bakom gullvinnaren Mary Peters frå Storbritannia. Til sist i olympiaden var Rosendahl med på det vesttyske stafettlaget som vann 4 x 100 meter stafett med tid 42,81 sekundar, ny verdsrekord.

Rosendahl slutta som aktiv etter 1973-sesongen. Ho er gift med ein USA-amerikansk basketballspelar og er mor til stavhopparen Danny Ecker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]