Hopp til innhald

Mary Peters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Peters


StatsborgarskapStorbritannia
Fødd6. juli 1939 (87 år)
Halewood
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1972
Utmerkingar kommandørdame av Order of the British Empire, BBC Sports Personality of the Year Award, Lady of the Garter, æresdoktor, ridder av Hosebåndsordenen

Mary Elizabeth Peters (fødd 6. juli 1939) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Ballymena i Nord-Irland som vart olympisk meister i femkamp i 1972.

Allsidige Peters var ein av dei beste femkjemparane i verda gjennom heile 1960-talet, med fjerdeplassen i øvinga under Sommar-OL 1964 i Tokyo som sitt beste resultat. I 1970 vann ho både kuletevlinga og femkampen då samveldeleikane fann stad i Edinburgh. To år seinare overraska ho stort i femkampen under Sommar-OL i München. Med 4 801 poeng sette ho verdsrekord og slo favoritten, vesttyske Heide Rosendahl, med 10 poeng. Halvtanna år seinare, i januar 1974, forsvarte Peters i Christchurch samveldetittelen i femkamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]