Heilage Kolumba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kolumba av Iona

Columcille (Kolumba) avbilda i eit glasmåleri ved Iona kloster
Føddca. 521, Gartan i DonegalIrland
FødestadCounty Donegal
Daud9. juni 597, Iona i Skottland
DødsstadIona
YrkeMunk
Helgendag9. juni
VernehelgenSkottland, Irland, bispedøma Derry, Raphoe, Dunkeld og Argyll and the Isles, Knights of Saint Columba, bokbindarar, diktarar; mot flaum, eld, lyn, mus- og rotteplager[1]
SymbolBispestav, munkekutte, keltisk tonsur
Helgen iDen anglikanske kyrkja, Den katolske kyrkja, luthersk kristendom, Den ortodokse kyrkja

Kolumba (ca. 5219. juni 597), av irsk Colm Cille, 'kyrkjedue' var ein irsk klostergrunnleggjar og misjonær kjend for å ha spreidd kristendommen i Skottland. Han er rekna som ein av dei tolv irske apostlane, og er feira som ein helgen i fleire kyrkjesamfunn.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle fødedatoen til Kolumba er 7. desember 521, og fødedagen hans skal ha vore ein torsdag, ein dag han seinare blei sterkt knytt til. Han blei fødd i Gartan i dagens Donegal grevskap som son av Fedlimid og Eithne. Gjennom faren stamma han frå den irske høgkongen Niall Noígíallach ('Niall av dei ni gislane'), og han hadde kongelege slektningar. Mora Eithne, som også blir rekna som ein helgen, skal også ha vore av kongeleg herkomst.[1]

Han blei døypt i Tulach-Dubhglaise (Temple-Douglas) av den heilage Cruithnechán som seinare blei lærar og fosterfar for han.[2] Dåpsnamnet hans var anten Colm, Colum eller Columba, eller i nokre kjelder Criomhthann ('raudrev'). Seinare i livet blei han kalla «Colum Cille» eller «Columbkille».[1]

Seinare drog Kolumba til Moville (i dagens Down grevskap) for å studera ved klosterskulen til den heilage Finnian av Moville, som sjølv var opplært ved Magnum Monasterium i Whithorn på Galloway-kysten i Skottland.[1] Etter å ha blitt vigd til diakon lærte han diktarkunst hjå skalden Gemman i Leinster. Deretter blei han del av Clonard kloster i Meath som var leia av Finnian av Clonard, ein lærd og heilag mann med band til kyrkja i Wales. Alle dei tolv irske apostlane skal ha studert under Finnian.[3] Det var truleg i Clonard at han blei prestevigd. Ei tid var han ved klosteret Glasnevin og tente som munk under den heilage Mobi, fram til Mobi døydde av pest og klosteret blei oppløyst i 544. I 546 grunnla han sitt eige kloster i Daire, seinare kjend som Doire Cholm Chille eller Derry.[1] Han skal seinare ha skipa ei rekkje kloster og kyrkjer på Irland.

Kolumba sin cathach, ein psaltertekst rekna som den kopiert av Kolumba.

Frå Derry reiste Kolumba til Tours i Gallia, moglegvis under ei avbroten pilgrimsreise til Roma og Jerusalem. Frå Tours tok han med seg ein kopi av evangelieboka frå brystet til den heilage Martin av Tours tilbake til Derry. Rundt 560 skal han ha kome i strid med Finnian av Moville om psalteret til den heilage Hieronymus, som Finnian hadde teke med seg frå Roma til Irland. Kolumba laga ein kopi av psalteret som han hadde tenkt å behalda, men Finnian hevda han hadde rett på kopien. Kong Diarmaid, som var overherre for Irland, dømde at kopien tilhøyrde Finnian.[1]

Ein annan konflikt oppstod då prins Curnan, ein mann som hadde søkt asyl hjå Kolumba etter å ha såra ein hurlingmotstandar slik at han døydde, blei teken ut av folka til Diarmaid og drepen. Ein av desse, eller begge konfliktane, førte til slaget ved Cairbre Drom Cliabh, der klanen til Kolumba sigra over Diarmaid sine folk. Fleire hundre eller fleire tusen folk skal ha blitt drepne under dette slaget, og Kolumba blei halden ansvarleg. Ein synode i Telltown refsa han og var nær ved å bannlysa Kolumba, men dette blei avverja av Brendan sjøfararen. Kolumba sjølv skal ha hatt dårleg samvit for hendinga, og talte med skriftefar sin, Molaise av Devenish, om dette. Molaise påla han å reisa i eksil og omvenda like mange folk til kristendommen som dei som var blitt drepne i slaget. Andre kjelder nemner ikkje slike grunnar til å forlata Irland; og Kolumba kan like gjerne ganske enkelt ha ønskt å misjonera blant heidningar.[1]

I 563 reiste i alle høve Kolumba over Irskesjøen i ein curach (ein liten skinnkledd båt) saman med tolv menn. Etter å først ha kome i land på Kintyrehalvøya fortsette han nordover og slo seg ned på den vesle øya Hy i Hebridane. Øya skal ha blitt gjeven han av slektningen Conall mac Comgall som herska over skotske Dalriada. Øya blei seinare kjend som I-Colm-Kill ('øya til Kolumba') eller Iona (hebraisk for 'due', som altså er columba på latin). Ho er også kjend som Holy Island.[1] Her bygde Kolumba og følgjesveinane hans eit enkelt kloster som skulle bli eit viktig sentrum for keltisk kristendom og kultur. Kolumba budde her i størstedelen av livet sitt, og brukte dei 32 åra sine i Skottland til å forkynna for folka nord i Skottland. Han døydde i klosterkyrkja på Iona den 9. juni 597.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]