Helén Vikstvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helén Vikstvedt
Helen Vikstvedt.jpg
Fødd12. februar 1964 (58 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, dansar, komikar, koreograf
EktefelleTony Totino
PrisarKanonprisen for beste hovedrolle, Komiprisen 2007, Komiprisen 2010

Helén Vikstvedt (fødd 12. februar 1964 i Oslo) er ein norsk skodespelar, dansar, koreograf og komikar. Ho har gjort seg merka både på scene, film og TV.

Vikstvedt fullførte Statens Balletthøgskole i 1986 og Statens Teaterhøgskole i 1989.

Vikstvedt har blant anna jobba som skodespelar, dansar og koreograf på Oslo Nye Teater og Nationaltheatret. Ho var tilknytta Oslo Nye Teater i fire år der ho spelte i oppsetjingar som Loppen i øret, Høye bølger, De hellige tre narrer, Høysåte, Gardermoen tur-retur, Sexy, Juleoratoriet, Fisk, Hjalmar og Flode og Vildanden. På 1990-talet var var ho òg ein aktiv utøvar av teatersport saman med Harald Eia, Jan-Paul Brekke og Thorbjørn Harr.[1] Seinare har Vikstvedt blant anna vore å sjå som hovudrolleinnehavar i sommarmusikalen Den Gode Hensigt (2012) i Svelvik, og ho har over fleire år medverka i julemusikalen Jaken på juleskurken ved Drammens teater. Vikstvedt har òg spelt og vore koreograf i fleire Kaptein Sabeltann-framsyningar, og dessutan vore koreograf på filmen Olsenbanden jr. på Cirkus.[1]

Vikstvedt har medverka som skodespelar i fleire filmar. Blant anna hadde ho hovudrolla i filmen 37 og et halvt frå 2005, som ho vann Kanonprisen for.[2] Ho har elles hatt biroller i barnefilmar som blant anna Jakten på nyresteinen (1996), Gråtass - Hemmeligheten på gården (2004) og Doktor Proktors tidsbadekar (2015). På TV har ho medverka i barneserien Uhu. Vikstvedt har utover det vore fast deltakar i spørjeleikprogrammet Minus manus (1992–1993) på TV3, og dessutan vore paneldeltakar i Løvebakken og 20 spørsmålNRK. Saman med Solveig Kloppen leia ho TV 2-programmet Hjelpekorpset i 2008.

På scena[endre | endre wikiteksten]

  • 1996-1997 Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant – Sirikit
  • 1998-1999 Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga – Koreograf
  • 2000-2001 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya – Lola
  • 2007-2009 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya - Koreograf

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1992–1993 Minus manus (TV3)
  • 1995 Chez toiNRK
  • 1996 Jakten på nyresteinen – Hjertevakt
  • 1998 Drømmen om Kaptein Sabeltanns rike – Mor/Sirikit
  • 2000 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya – Lola
  • 2003 Uhu! – Obus
  • 2004 Gråtass - Hemmeligheten på gården – Helga Hoggerud
  • 2005 Hos Martin – Tilsett på Nationaltheatret
  • 2005 37 og et halvt – Selma
  • 2006-2009 LøvebakkenNRK
  • 2007-2009 & 2011 20 spørsmålNRK
  • 2008 HjelpekorpsetTV 2
  • 2009 Den norske humor – (NRK)
  • 2011 Roast fra Chat NoirTVNorge
  • 2015 Doktor Proktors tidsbadekar - film
  • 2019 Klassen - NRK
  • 2019 Jorden rundt på 6 steg - NRK
  • 2020 Aldri Voksen - TVNorge
  • 2020 Fjols til fjells - TVNorge (tv-serie)
  • 2020 Maestro - NRK

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «37 1/2» (på norsk). 27. januar 2005. Henta 3. august 2021. 
  2. «Ni Kanonpriser på Kosmorama». 31. mars 2006. Henta 13. mars 2021.