Helge Julius Jakhelln Dyvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Julius Jakhelln Dyvik
Fødd23. desember 1947
Bodø
NasjonalitetNoreg
Områdespråkvitskap
Yrkelingvist
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Durham
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Academia Europaea

Helge Julius Jakhelln Dyvik (fødd 23. desember 1947) er ein norsk professor i språkvitskap.

Dyvik var fødd i Bodø. Etter å ha vorte cand.mag. frå Universitetet i Bergen i 1972, studerte han gammal- og mellomengelsk ved Universitetet i Durham i 1973 og vart mag.art. i nordiske språk i 1976. I 1981 vart han dr.philos. med avhandlinga Grammatikk og empiri, ei avhandling innafor teoretisk lingvistikk. I 1987 mottok han Fridtjof Nansens belønning for fremragende forsking.

I 1983 vart Dyvik utnemnd til professor i allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen. I 1995 vart han innvald i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, i 1998 i Det Norske Videnskaps-Akademi, i 2015 i Academia Europaea, og i 2019 i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

Han har hatt mange verv, blant anna som president i Nordic Association of Linguists. I 2000 vart han medlem i Norsk språkråd, og frå 2006 til 2013 var han leiar for Språkrådet sitt Fagråd for normering og språkobservasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]