Hell
Hell | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Stjørdal | ||
Areal | 1,04 km² | ||
Folketal | 1 558 (2017) | ||
Folketettleik | 1 498 / km² | ||
Postnummer | 7517 HELL | ||
![]() Hell | |||
Wikimedia Commons: Hell, Norway | |||

Namneskiltet på Hell stasjon vekkjer åtgaum hjå engelskkunnige farande, ettersom Hell på engelsk tydar helvete, og Gods-expedition kan vrangtolkast til Guds expedition.
Hell er ein tettstad i bygda Lånke i Stjørdal kommune i Trøndelag fylke, med 1 558 innbyggjarar per 1. januar 2017. Her er ein gamal jarnbanestasjon på Meråkerbanen og Nordlandsbanen.
Namnet Hell på denne staden har opphav i det same namnet på ein gard i området, og kjem frå det gamalnorske ordet hellir, som tyder overheng, heller. Garden ligg i nærleiken av ein overhangande fjellknaus der det òg er helleristingar frå steinalderen[1].
For eit par hundre år sidan vart staden kalla Helle[2].
Hell ligg sørom Værnes lufthamn og Stjørdalselva. Fram til 1. januar 1962 var Hell administrasjonssentrum i Lånke kommune, som på denne datoen vart innlemma i det som då vart den nye Stjørdal kommune.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Sandnes, Jørn & Ola Stemshaug, 2007, Norsk stadnamnleksikon, Oslo: Det Norske Samlaget. Side 207. ISBN 978-82-521-4905-0
- ↑ Fölsch, E.G., Resa i Norrige år 1817, Strängnäs, 1818.