Hellebard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamle sveitsiske hellebardar, blankvåpen med eit økseblad med spydspiss montert på eit langt skaft

Hellebard er eit våpen som er samansett av eit økseblad og ein spydspiss på enden av eit langt skaft. Hellebardar var mykje brukte blant fotsoldatar på 1300-talet og 1400-talet og blir enno bore som seremonielt skaftevåpen av Sveitsargarden i Vatikanet. Ein kan òg finne hellebarden i somme av dei bergenske bogekorpsa.

Miniatyrmåleri frå 1513 som viser sveitsiske Reisläufer på veg over Alpane etter erobringa av Cremona. Leigesoldatane er utstyrte blant anna med lange hellebardar og piker.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Vakter frå Sveitsergarden utanfor eit skilderhus i Vatikanet. Paven si livvakt er væpna med tradisjonelle hellebardar og ber uniformer inspirerte av klesdrakta som sveitsiske leigesoldatar og tyske landsknektar bar sist på 1400-talet
Teikning frå 1513 som viser bruk av hellebardar i kamp under den gamle krigen om Zürich i 1443

Utforming, utbreiing og bruk[endre | endre wikiteksten]

Hellebardane hadde gjerne tre element på ei stong:

  • eit økseblad til å hogge med
  • ein spydspiss til å stikke med
  • ein hake til å krøke fast t.d. kavaleristar i rustning eller til å deformere rustningar.

Hellebarden var billig å lage, og kunne brukast på ulike måtar i kamp, både i forsvar og angrep. Hellebardar var hovudvåpenet for dei tidlegare sveitsiske hærane på 1300-talet.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Orda hellebard kan komme frå dei tyske orda halm («stamme») og barte («øks»).[1] Det er òg mogleg at ordet er avleidd frå hellebaard som tyder helvetesbart på nederlandsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «hellebard» i Nynorskordboka.