Hellen Obiri
Hellen Obiri | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 13. desember 1989 (33 år) Kisii |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 1500 meter damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 10 000 meter kvinner |
Hellen Onsando Obiri (fødd 13. desember 1989) er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek i mellom- og langdistanseløp. Ho vart verdsmeister på 5 000 meter i 2017 og i 2019. Obiri har elles to OL-sølv på same distansen og ein VM-bronse på 1500 meter. Obiris personlege rekordar er høvesvis 3.57,0 på 1500 m frå 2014, medan ho kom i mål på 14.18,3 då ho vann 5 000-meteren ved DL-stemnet i Roma i 2017.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Obiri vann bronsemedaljen på 1500 m under VM i friidrett 2013. Frå 2015 satsa ho mest på 5 000 meter, ein distanse ho tok sølvmedaljen på under Sommar-OL 2016. Ved verdsmeisterskapen sigra ho med stor margin på same distansen. To år seinare i Doha forsvarte ho VM-tittelen på halvmila, då etter eit drabeleg spurtoppgjer. På mila enda ho på femteplass. Også under dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021 sprang Obiri begge langdistansane. På 5 000 m kneip ho sølvmedaljen med 0,01 sekunds margin til tredjemann, fire dagar seinare sette ho personbeste på 10 000 meter med 30.24,2 og vart nummer 4.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 2011 i Daegu: Nr 11 på 1500 m – 4.20,2
- OL 2012 i London: Nr 12 på 1500 m – 4.16,5
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 1500 m – 4.03,8
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.29,7, bakom Vivian Cheruiyot (14.26,1)
- VM 2017 i London: Gullmedalje på 5 000 m – 14,34,8, framom Almaz Ayana (14.40,3)
- VM 2019 i Doha: Gullmedalje på 5 000 m – 14,26,7, framom Margaret Kipkemboi (14.27,4). Nr 5 på 10 000 – 30.35,8
- OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje på 5 000 m – 14.38,3, bakom Sifan Hassan (14.36,7). Nr 4 på 10 000 m – 30.24,2
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hellen Obiri» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2022.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1989
- Kenyanske langdistanseløparar
- Kenyanske mellomdistanseløparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016