Sifan Hassan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sifan Hassan

Sifan Hassan - 120609-011.jpg

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda, Etiopia
Fødd 1. januar 1993 (29 år)
Nazret
Idrett friidrett
Tok del i

EM i terrengløp 2013, 2014 IAAF World Indoor Championships – women's 3000 metres, Lag-EM i friidrett 2014, 2014 European Athletics Championships – women's 1500 metres, 2014 European Athletics Championships – women's 5000 metres, Diamond League 2014, Kontinentalcupen i friidrett 2014, 2015 European Athletics Indoor Championships – women's 1500 metres, VM i friidrett 2015 – 1500 meter damer, Diamond League 2015, EM i terrengløp 2015, IAAF World Indoor Tour, 2016 IAAF World Indoor Championships – women's 1500 metres, 2016 European Athletics Championships – women's 1500 metres, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 1500 meter kvinner, IAAF World Indoor Tour, VM i friidrett 2017 – 1500 meter kvinner, VM i friidrett 2017 – 5 000 meter kvinner, Diamond League 2017, 2018 IAAF World Indoor Championships – women's 1500 metres, VM i friidrett innendørs 2018 – 3000 meter kvinner, EM i friidrett 2018 – 5000 meter kvinner, Q24940236, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 1500 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 10 000 meter kvinner

Utmerkingar

ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Sifan Hassan (fødd 1. januar 1993) er ein etiopisk-nederlandsk mellom- og langdistanseløpar som vart europameister på 1500 meter i 2014 og på 5 000 meter i 2018, verdsmeister på så vel 10 000 meter som på 1500 m i 2019 og olympisk meister både 5 000 og 10 000 meter i 2021. Ho har elles vunne OL-bronse på 1500 m i 2021, VM-bronse på 1500 m i 2015 og på 5 000 m i 2017, samt EM-sølv på 5 000 m i 2014 og på 1500 m i 2016.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hassan kom til Nederland som 15-åring. Ho byrja utmerke seg i 2013-sesongen, same året som ho fekk nederlandsk statsborgarskap. Frå 2014 etablerte ho seg i verdstoppen på mellom- og langdistansane. Sommaren 2014 vann ho 1500 m ved DL-stemnet på tida 3.57,0, før ho så vann distansen under EM i Zürich der ho også tok sølv på 5 000 m, like bak Meraf Bahta. 2015-sesongen forbetra ho seg til 3.56,0 på 1500 m. Under VM 2015 sprang ho inn til bronse, eit stykke bak Genzebe Dibaba frå Etiopia og Faith Kipyegon frå Kenya.

I London-VM 2017 enda Hassan opp med ein femteplass på 1500 m og bronse på 5 000 m. Sommaren 2018 setet ho europarekord med 14.22,3 på 5 000 m i Rabat, ein månad seinare sigra ho lett på distansen ved EM i Berlin. 2019-sesongen var Hassan nærast utilnærmeleg. Etter ei rekke sterke prestasjonar om sommaren, mellom anna 14.22,1 på 5 000 m, feia ho all motstand unna under VM i Doha i september/oktober. Ho sette då europarekord på 1500 m med sterke 3.51,9 og gjorde personbeste på mila med 30.17,6. 10. oktober 2020 vart ho den fyrste frå eit europeisk land som sprang under 30 minutt på 10 000 meter, 29.36,6 vart sluttida i Hengelo.

6. juni 2021 sette Hassan verdsrekord på 10 000 m på Hengelo. Tida 29.06,8 skulle berre verte ståande i to døgn, ettersom Letesenbet Gidey då presterte 29.01,0. Under dei utsette sommarleikane i Tokyo i 2021 deltok Hassan på både 1500 m, 5 000 m og 10 000 m. Den 2. august vann ho 5 000 m med god margin til Hellen Obiri frå Kenya. 6. august hadde ho lite å stille opp mot høvesvis Faith Kipyegon og britiske Laura Muir i spurten på 1500 m og måtte nøye seg med bronse. Dagen etter vann Hassan eit nytt OL-gull, på mila var ho eit knapt sekund framom Kalkidan Gezahegne som representerte Bahrain. Det må kallast eit paradoks at deibegge var fødde og oppvaksne i Etiopia, det landet som bronsevinnaren i løpet representerte.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]