Hellik Juveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hellik Juveli
Fødd 1897
Død

1985

Yrke musikar

Hellik Juveli (18971985) var ein spelemann frå Flesberg i Numedal.

Hellik var ein sjølvlært spelemann. Faren Andres Juveli spela mykje til husbruk, men Hellik tok opp spel etter grannar og andre spelemenn med, mellom desse Anders Ødegard, Erik Deildok og Ole Nærlieie.

Hellik Juveli var ikkje framfus av seg, og er difor ikkje den mest kjende av spelemennene frå Numedal. Han var nytta som kappleiksdomar ein del, og hadde godt gjetord mellom andre spelemenn, sjølv om han ikkje spela stort ute på kappleik sjølv. Både Olav Løndal, Odd Bakkerud og Anders S. Kjerland dømde godt om spelet hans.

Det er kjend at Hellik Juveli åtte eit stort slåttetilfang, og sat inne med mange av dei meir vanskelege slåttane frå sitt område. Hardingfeleverket har 16 nedskrifter etter Hellik Juveli.