Ole Nærlieie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Nærlieie
Fødd1887
Død1955
Verka sommusikar

Ole Nærlieie (18871955) var ein norsk spelemann frå Flesberg i Numedal.

Nærlieie flytte til Kongsberg alt i 1910, og budde det meste av livet sitt der. Her hadde han arbeid som brannkonstabel. Han hadde spelet sitt frå mellom andre Narve Hytta, Ole Haugan og Gullik Sandbek.

I si tid var han mykje nytta som dansespelemann, og vidgjeten som ei god kjelde. Han spela mykje i festleg lag både i Flesberg og i Numedalslaget i Oslo. Han var og aktiv i Bondeungdomslaget på Kongsberg.

Han hadde spela mykje med Ole Hakkelberg frå Svene, og desse spela og saman i NRK i 1932. Elles var Ole Nærlieie smålåten og spela lite på kappleik eller i radio elles. Olav K. Bratås, Hellik Juveli og Leif Aasane førte spelet hans vidare i Numedal.

Ole Nærlieie sat og inne med ei rekkje runddans-slåttar, mange av dei etter Ole Haugan.