Anders Ødegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Ødegard
Fødd1871
Død1943 (72 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Anders Ødegard (Ødegaarden) eller Andres Øygarden (18711943) var ein vidkjend norsk spelemann frå Kongsberg.

Anders fekk mykje spelopplæring av far sin, Hellik Øygarden, som hadde vore spelemann, men hadde lagt bort fela etter vekkjingsrørsla under Vis-Kari. Anders lærte elles spel av Jokum Ravnås og Hellik Rud.

Kongsbergmarken var Anders mellom anna i lag med spelemenn som Tor Grimsgard, Johan Kleven og Lars Fykerud. Som Fykerud tok han til med å halde konsertar, både i Noreg og i Amerika. I tillegg til USA var han og på spelferd i Canada. I USA var han mellom anna i lag med Lars Fykerud, og broren Hans Fykerud, Olav Napper og Eivind Aakhus.

Anders Ødegard var kjend som ein god formidlar og forteljar, og vart vidgjeten for dette med. Men det er rekna med at mykje av det han kunne gjekk i grava med han. Ein av dei som fekk slåttar av Anders, er Olav K. Bratås.

Truls Ørpen skreiv opp gangaren «Napparen» etter Ødegard i 1917 (Ø 64). Anders hadde slåtten etter Olav Naper. Diverre er det ikkje skrive opp numedalsslåttar beint etter han.