Hello Goodbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hello Goodbye av Erik Segerstedt og Tone Damli.
Hello, Goodbye
Singel av The Beatles
B-side «I Am the Walrus»
Utgjeve 24. november 1967
Innspelt 2. oktober–2. november 1967
Studio EMI Studios, London
Sjanger pop[1]
Lengd 3:27
Selskap Parlophone (UK)
Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«All You Need Is Love»
(1967)
Hello, Goodbye «Lady Madonna»
(1968)


«Hello Goodbye» er ein song av The Beatles. Songen er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i hovudsak skrive av Paul McCartney.[2] «Hello Goodbye» vart gjeve ut på singel i november 1967 og toppa listene i både USA, Storbritannia og Noreg. Songen vart gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour, som seinare vart den offisielle utgåva av albumet.

Alistair Taylor, som arbeidde for Beatles-manager Brian Epstein, spurte ein gong McCartney korleis han skreiv songane sine, og McCartney tok han inn i stova si og gav han ein demonstrasjon på eit husorgel. Han bad Taylor rope ut det motsette av det han song, medan han spelte. Taylor sa seinare at han lurte på om McCartney berre faktisk fann på songen undervegs eller om han alt hadde ein ide om korleis songen skulle vere. Uansett hadde McCartney snart gjort ferdig ei demoutgåve av songen kalla «Hello Hello».[2]

John Lennon likte ikkje songen og meinte det var tre minuttar med motseiingar og meiningslause samanstillingar.[3] Han mislikte songen enno meir då han vart vald som A-side, medan hans eigen «I Am the Walrus» vart plassert på B-sida av singelen. Lennon hadde forventa «I Am the Walrus» som A-sida til singelen, men Paul McCartney og George Martin meinte at «Hello Goodbye» var ein meir kommersiell song. Denne krangelen mellom Lennon og McCartney fekk Lennon til å seie etter The Beatles gjekk frå kvarandre at «eg var lei av å vere støttebandet til Paul».

Dei siste linjene av songen, der heile bandet syng «Hela, hey-ba hello-a» kom spontant i studio.

Det vart filma minst tre promo-videoar for «Hello Goodbye», men desse vart ikkje vist på BBC på grunn av dei strenge reglane til Musicians Union om miming til musikk.

Songen gjekk til topps på listene i både USA, Storbritannia og Noreg.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald:[4]

The Beatles
Andre musikarar og produksjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967–68) Plassering
Australske Go-Set National Top 40[6] 1
Den austerrikske singellista[7] 2
Den belgiske singellista[8] 2
Kanadiske RPM 100[9] 1
Den nederlandske singellista[10] 1
Franske SNEP[11] 1
Irish Singles Chart[12] 2
Norske VG-lista[13] 1
Svenske Kvällstoppen[14] 1
Sveitsiske Hitparade[15] 2
UK Record Retailer Chart[16] 1
US Billboard Hot 100[17] 1
US Cash Box Top 100[18] 1
Vesttyske Musikmarkt Hit-Parade[19][20] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Passering
Australske Go-Set National Top 40[21] 38
Austerrike[22] 17
Belgia[23] 46
Kanadiske RPM 100[24] 30
Nederland[25] 60
Italienske HitParade[26] 80

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[27] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spignesi & Lewis 2009, s. 234.
  2. 2,0 2,1 Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles Song, s. 139-140, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X
  3. «The Beatles Bible: Hello, Goodbye». Henta 8. februar 2009. 
  4. MacDonald 1998, s. 238.
  5. Womack 2014, s. 371.
  6. «17. januar 1968». Go-Set. poparchives.com.au. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1968/19680117.html. Henta 29. mai 2015. 
  7. «The Beatles – Hello, Good Bye». austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Hello%2C+Good+Bye&cat=s. Henta 15. mars 2018. 
  8. «The Beatles – Hello, Good Bye». ultratop.be. http://www.ultratop.be/nl/song/4/The-Beatles-Hello,-Good-Bye. Henta 15. mars 2018. 
  9. «Top Singles – Volume 8, No. 18 Dec 30, 1967». RPM. Library and Archives Canada. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/item.aspx?IdNumber=837&. Henta 15. mars 2018. 
  10. «The Beatles – Hello, Good Bye». dutchcharts.nl. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Hello%2C+Good+Bye&cat=s. Henta 15. mars 2018. 
  11. «Tous les succès des Années 60». InfoDisc. Arkivert frå originalen den 18. oktober 2015. https://web.archive.org/web/20151018093318/http://www.infodisc.fr/SongMp_60.php. Henta 9. november 2015. 
  12. «Search: 'Hello Goodbye'». irishcharts.ie. http://irishcharts.ie/search/placement?page=1&placement%5Btitle%5D=Hello+Goodbye. Henta 26 June 2015. 
  13. «The Beatles – Hello, Good Bye». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Hello%2C+Good+Bye&cat=s. Henta 15. mars 2018. 
  14. «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > December 1967» (på Swedish). hitsallertijden.nl. http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200366-0969.pdf. Henta 21. februar 2018. 
  15. «The Beatles – Hello, Good Bye». hitparade.ch. http://hitparade.ch/song/The-Beatles/Hello,-Good-Bye-4. Henta 15. mars 2018. 
  16. «The Beatles». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/10363/the-beatles/. Henta 15. mars 2018. 
  17. «The Beatles – Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/the-beatles-mn0000754032/awards. Henta 31. juli 2013. 
  18. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending DECEMBER 30, 1967». cashboxmagazine.com. Arkivert frå originalen den 30. september 2012. https://web.archive.org/web/20120930234604/http://cashboxmagazine.com/archives/60s_files/19671230.html. Henta 2015-05-31. 
  19. «The Beatles Single-Chartverfolgung (in German)». musicline.de. Arkivert frå originalen den 13. desember 2013. https://web.archive.org/web/20131213203848/http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/The%2BBeatles/2278/?type=single. Henta 20. september 2015. 
  20. «Billboard Hits of the World». Billboard: 46. 17. februar 1968. Henta 12. juli 2017. 
  21. «Top 40 for 1968». Go-Set. poparchives.com.au. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1968/top1968.html. Henta 15. mars 2018. 
  22. «Jahreshitparade 1968» (på de). austriancharts.at. Arkivert frå originalen den 5. september 2014. https://web.archive.org/web/20140905202820/http://www.austriancharts.at/1968_single.asp. Henta 15. mars 2018. 
  23. «Jaaroverzichten 1968» (på nl). Ultratop. http://www.ultratop.be/nl/annual.asp?year=1968. Henta 15. mars 2018. 
  24. «1968 YearEnd». RPM. Library and Archives Canada. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.5867&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.5867.gif&Ecopy=nlc008388.5867. Henta 15. mars 2018. 
  25. «Top 100-Jaaroverzicht van 1968» (på nl). Nederlandsk Topp 40. http://www.top40.nl/bijzondere-lijsten/top-100-jaaroverzichten/1968. Henta 15. mars 2018. 
  26. «HitParadeItalia – Top10 del 12 Ottobre 1968» (på it). Hit Parade Italia. http://www.hitparadeitalia.it/hp_weeks/68/hp681012.htm. Henta 15. mars 2018. 
  27. «American single salstrofé – The Beatles – Hello Goodbye». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Hello+Goodbye%22. Henta 15. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH