Hopp til innhald

Abbey Road Studios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abbey Road Studios

Kart
Abbey Road Studios
51°31′55″N 0°10′42″W / 51.531944444444°N 0.17833333333333°W / 51.531944444444; -0.17833333333333

Abbey Road Studios er eit kjent innspelingsstudio ved Abbey Road i området St John's Wood under City of Westminster i London i England. Det vart grunnlagt i november 1931 av plateselskapet EMI. Ved sida av å fungere som eit innspelingsstudio har lokalet også blitt brukt til å remastre fleire kjende klassiske musikkinnspelingar laga ved Kingsway Hall.

Bygningen vart oppført som eit georgiansk townhouse i 1831, og garden vart kjøpt opp av Gramophone Company i 1931 og konvertert til eit innspelingsstudio. Pathe filma opninga av studioet då Edward Elgar leia London Symphony Orchestra i innspelingssamlingar for musikken hans. Dei nærliggande husa vart også eigd av selskapet og vart brukt for å huse musikarar. På 1950-talet vart Abbey Road Studios brukt ofte av den leiande britiske dirigenten sir Malcolm Sargent, som også budde like i nærleiken av bygningen.

Abbey Road Studios

Gramophone Company slo seg seinare saman med Columbia Graphophone Company for å danne EMI, som også tok over studioet. Dette vart kjent som EMI Studios inntil dei skifta namnet til Abbey Road Studios formelt i 1970. Studio to ved Abbey Road vart eit senter for rockemusikken i 1958 da Cliff Richard and the Drifters (seinare Cliff Richard and The Shadows) spelte inn Move It, som blir hevda å vere den første rock and roll–singelen i Europa.

Det var for øvrig The Beatles som braut med tradisjonane og bytta innspelingsteknikar, og dermed flytta grensene for kva som blir sett på som populærmusikk. Ved å nytte seg av flanger, bakvendt innspeling, automatisk dobbelsporing (ADT) og kontrollert akustisk tilbakekobling, så brukte The Beatles studioa i Abbey Road for kva det var verdt.

Fotgjengarovergangen ved Abbey Road

Abbey Road Studios er mest kjent for å tilknytinga med The Beatles, som på si side spelte inn nesten alle albumutgivelsane og singlar ved Abbey Road mellom 1962 og 1970. The Beatles gav også sitt siste studioalbum namnet Abbey Road i 1969, etter gata der innselingsstudioet var plassert. Plateomslaget på denne utgivinga var tatt av Iain MacMillan utanfor studioet, med det resultatet at fotgjengarfeltet der dei fire medlemane vart fotografert kom til å bli ein valfartsstad for Beatles-fans over heile verda. Det har også blitt ein langvarig tradisjon for vitjande å ære bandet ved å skrive namnet sitt på gjerdet utanfor studioet, trass i at dette blir måla over månadleg.

Bandet Pink Floyd spelte inn størsteparten av albuma deira frå 1960- og 1970-talet ved Abbey Road og The Shadows gav utgivinga Live At Abbey Road namn etter studioet, med eit plateomslag til forveksling likt The Beatles. Av kjende plateprodusentar og lydteknikarar som har arbeideida ved Abbey Road kan ein nemne Sir George Martin, Geoff Emerick, Norman «Hurricane» Smith, Ken Scott, Haydn Bendall, Mike Stone, Alan Parsons, Phil McDonald, Richard Lush og Ken Townsend.

Artistar med innspelingar ved Abbey Road

[endre | endre wikiteksten]

Abbey Road Studios har blitt brukt av musikarar som blant andre The Beatles, Cliff Richard, Radiohead, Al Stewart, Pink Floyd, U2, Oasis, Camel, Alan Parsons Project, The Killers, The Shadows, Elliott Smith og Plácido Domingo. Studio to har blitt brukt av blant andre The Hollies, Manfred Mann, The Seekers, Gerry & the Pacemakers, Martin Briley, Mrs Mills, Panic at the Disco og Lucie Silvas.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]