Help Me Make It Through the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Help Me Make It Through the Night
Song av Kris Kristofferson
frå albumet Kristofferson
Utgjeve 1970
Innspelt 1969
Sjanger Country
Lengd 2:24
Selskap Monument
Komponist Kris Kristofferson
Tekstforfattar Kris Kristofferson
Låtskrivar(ar) Kris Kristofferson
Produsent Fred Foster

«Help Me Make It Through the Night» er ein countryballade av Kris Kristofferson frå albumet hans Kristofferson frå 1970.

Kristofferson sa han fekk inspirasjonen til songen frå eit intervju med Frank Sinatra i Esquire, der han vart spurt om kva han trudde på og Sinatra svarte «Booze, broads, or a bible...whatever helps me make it through the night.»

Han vart spelt inn i 1971 av Elvis Presley, og sidan av Bryan Ferry for albumet Another Time, Another Place, Jerry Lee Lewis som gjorde ein bluesaktig versjon for albumet Touching Home og countryartisten Sammi Smith, som spelte den bestseljande versjonen og den mest kjende versjonen av songen. Smith-versjonen er ein av dei mestseljande countrysinglane gjennom tidene. Versjonen hennar toppa countrylista og nådde òg 8. plass på poplista i USA. Andre amerikanske songarar spelte òg inn songen i 1970- og 1980-åra. Den mest suksessfulle versjonen etter Smith-versjonen var av Gladys Knight & the Pips i 1972 (denne versjonen vart sampla av Huff and Puff i 1996 for dansesongen «Help me make it»).[1]

Johnny Cash og kona June Carter Cash song òg songen som ein duett. Denne finst på samleplata June Carter and Johnny Cash: Duets frå 2006.

Joan Baez spelte òg inn songen i 1971, på albumet hennar Blessed Are.... Peggy Lee spelte inn songen same året for albumet Where Did They Go.

I 1974, spelte John Holt songen på albumet 1000 Volts of Holt. Denne versjonen nådde Topp 10 i Storbritannia dette året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Huff & Puff's 'Help Me Make It' - Discover the Sample Source», WhoSampled (på engelsk), henta 13. september 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]