Another Time, Another Place av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Another Time, Another Place
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 5. juli 1974
Innspelt Våren 1974
Sjanger Rock
Lengd 41:58
Selskap Virgin
Produsent Bryan Ferry, John Punter
Kritikk
Bryan Ferry-kronologi
These Foolish Things
(1973)
Another Time, Another Place Let's Stick Together
(1976)


Another Time, Another Place var det andre studioalbumet til Bryan Ferry som soloartist. Albumet nådde fjerdeplassen i Storbritannia i 1974.

Innspelinga fann stad i London i Island, Ramport og AIR.

Som med det førre soloalbumet til Ferry, bestod det hovudsakleg av coverversjonar, men denne gongen med eit unntak av den siste songen, som gav tittelen til albumet og vart skriven av Ferry. Som These Foolish Things, er Another Time, Another Place i røynda eit coveralbum, med ein Bob Dylan-song («A Hard Rain's a-Gonna Fall» på den førre plata, «It Ain't Me Babe» på sistnemnde) og ein standard (tittelsporet «These Foolish Things», «Smoke Gets in Your Eyes» på Another Time, Another Place) men medan These Foolish Things la vekt på songar av jentegrupper frå tidleg i 60-åra, la Another Time, Another Place vekt på soul (Sam Cooke, Ike & Tina Turner) og country (Billy Page, Kris Kristofferson, Willie Nelson, Joe South). Utvalet av songar og den meir sofistikerte settinga og produksjonen, gav albumet eit meir «vaksent», seriøst og tankefullt preg enn det førre albumet til Ferry.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The 'In' Crowd»  Billy Page 4:36
2. «Smoke Gets In Your Eyes»  Jerome Kern, Otto Harbach 2:53
3. «Walk A Mile In My Shoes»  Joe South 4:44
4. «Funny How Time Slips Away»  Willie Nelson 3:31
5. «You Are My Sunshine»  Jimmie Davis, Charles Mitchell 6:47
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «(What a) Wonderful World»  Sam Cooke, Herb Alpert, Lou Adler 2:55
7. «It Ain't Me Babe»  Bob Dylan 3:57
8. «Fingerpoppin'»  Ike Turner 3:34
9. «Help Me Make It Through the Night»  Kris Kristofferson 4:15
10. «Another Time, Another Place»  Bryan Ferry 4:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande:

  • Kor: Vicki Brown, Helen Chappelle, Barry St. John, Liza Strike
  • Strykarar arrangerte av Ann Odell
  • Blåsarar arrangerte av Martyn Ford

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]