Hopp til innhald

Helse Vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helse Vest

Org.formSærlovselskap
Org.nr.983658725
BransjeSpesialisthelseteneste
Skipa17. august 2001
EigarHelse- og omsorgsdepartementet
DotterselskapHelse Bergen, Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Vest IKT
HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg[1]
Dagleg leiarInger Cathrine Bryne[2]
Nettstadhttp://www.helse-vest.no
Haukeland Universitetssjukehus er det største sjukehuset i Helse Vest
Stavanger Universitetssjukehus er nest størst

Helse Vest RHF er eitt av dei fire regionale helseføretaka i Noreg og har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenestene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Føretaket er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet og skal sjå til at dei kring 1 million innbyggjarane i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Helse Vest eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. Dessutan er IKT-selskapet Helse Vest IKT AS eigd av Helse Vest. Konsernbudsjettet ligg på om lag 19,7 milliardar kroner i 2010. Helse Vest RHF har hovudkontor på Forus i Stavanger kommune og har kring 50 tilsette.

Det er fastsett av Kyrkje- og kulturdepartementet at Helse Vest skal ha nynorsk som tenestemål sidan det er ei overvekt av nynorskkommunar i regionen. Dette inneber at ekstern informasjon som kjem frå føretaket, til dømes magasinet Helse i vest, skal vera på nynorsk.

Helseføretak[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]