Helsevesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjukepleiar og barnepasient ved Universitäts-Kinderklinik i Bonn i 1953.

Helsevesenet er dei samla private og offentlege helsetenestene, -institusjonane og -lovane til eit samfunn. Helsevesen har til føremål å førebyggja, diagnostisera og behandla sjukdom og skader og gje omsorg til pasientar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Historisk dreiv kloster og kyrkjer helseintitusjonar som hospits og fattighus. I tidleg moderne tid byrja utviklinga av statlege helsevesen. I Danmark-Noreg fekk ein først ein lege med universitetsutdanning (physicus eller medicus) i kvart stift, deretter i kvart amt og så i kvar kommune. Ein oppretta etterkvart andre offentlege stillingar for helsearbeidarar, som sertifiserte jordmødrer og chirurgici (tidlege kirurgar).[1]

Moderne velferdsstatar utvikla offentlege helsevesen som gjorde helsetenester tilgjengelege for alle innbyggjarane sine. Eit av dei første og største av desse er National Health Service i Storbritannia, som blei skipa i 1948. Dette helsevesenet har over 1,7 millionar tilsette og dekkjer over 63,2 millionar moglege brukarar.[2]

Helsevesenet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det norske helsevesenet er ein av dei største samfunnssektorane i landet I 2002 utgjorde utgiftene til helsevesenet 8,7 % av BNP og stod for over 155 000 årsverk.[3]

Helsevesenet er inndelt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kommunane har ansvaret for primærhelsetenesta i sitt geografiske område. Ansvaret for spesialisthelsetjenesta i Noreg er delt inn i fire regionar som kvart har eit regionalt helseføretak:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greve, Marit & Hovind, Ole B. «Helsevesenets historie» (31. januar 2012), Store norske leksikon.
  2. «About the National Health Service (NHS)»
  3. Braut, Geir Sverre. «Helsevesenet» (10. juni 2014), Store medisinske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]