Hemudukulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Hemudukulturen i Kina.

Hemudukulturen (kinesisk 河姆渡文化) var ein steinalderkultur frå rundt 5000 til 3300 f.Kr.[1] som fanst eit lite stykke sør for Hangzhoubukta i noverande Jiangnan i Yuyao i provinsen Zhejiang i Kina. Funnstaden, Hemudu, blei oppdaga i 1973. Andre funnstader av hemudutype er funne på øyer i byprefekturet Zhoushan.

Ei anna namneform for kulturen er Ho-mu-tu-kulturen.

Materialkultur[endre | endre wikiteksten]

Keramikkbolle med bilde av ein gris.
Svart keramikk frå Hemudukulturen.

Hemudukulturen fanst på same tid som Majiabangkulturen. Dei var to separate og distinkte kulturar, men hadde kontakt og påverka kvarandre. To større oversvømmingar førte til at elven Yaojiang endra løpet sitt og fylte jordsmonnet med salt. Dette førte til at folka frå Hemudukulturen måtte oppgje busetjingane sine.

Hemudufolka budde i lange styltehus.

Dei høyrde til ein av dei aller første kulturane som dyrka ris. Dei fleste gjenstandar funne av arkeologane er av dyrebein. Til dømes brukte ei plogar laga av skulderblad.

Kulturen produserte også lakkarbeid. Arkeologane har også funne planterestar som vasskastanje, lotus, eikenøtter, bønner, Gorgon euryale og kalebass i Hemudu. Ein reknar med at hemudufolka heldt grisar, vassbøffel og hund som tamdyr. Dessutan var dei fiskarar og jegerar, noko som går fram av restar av beinharpunar, bogar og pilspissar. Det er også funne musikkinstrument som beinfløyter og tretrommer i Hemudu.

Kulturen produserte ein tjukk og porøs keramikk. Steintøyet var for det meste svartfarga ved hjelp av pulverisert kol. Det blei dekorert med geometriske mønster og plante- og dyremotiv. Kulturen laga også pynteornament av jade, elfenbein og små leirfigurar.

Omgjevnader[endre | endre wikiteksten]

Fossil etter amoeboider og pollen gjer det nærliggjande å tru at Hemudukulturen oppstod og utvikla seg i midten av atlantikum. Ein studie av strandlinja på Ningshaosletta frå 7000 til 5000 f.Kr. viser at det kan ha vore stabilisert eit lågare havnivå då, etterfølgd av ein periode frå 5000 til 3900 med hyppige oversvømmingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Liu & Chen 2012, s. 200.

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

  • Allan, Sarah (red.): The Formation of Chinese Civilization: An Archaeological Perspective, ISBN 0-300-09382-9
  • Chang Kwang-chih: The Archaeology of Ancient China, ISBN 0-300-03784-8
  • Liu, Li; Chen, Xingcan (2012), The Archaeology of China: From the Late Paleolithic to the Early Bronze Age, Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-64310-8 
  • Zhu C, Zheng CG, Ma CM, Yang XX, Gao XZ, Wang HM, Shao JH.: «On the Holocene sea-level highstand along the Yangtze Delta and Ningshao Plain, East China», i Chinese Science Bulletin 48 (24): 2672-2683 DEC 2003