Overijssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provincie Overijssel
Provinsen Overijssel
Våpenet til Provincie Overijssel
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Overijssel
Hovudstad Zwolle
Største by Enschede
Dronninga sin kommissær Andries Heidema (CU)
Religion (1999) protestantisk 32%
romersk-katolsk 27%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
3 327 km² (4.)
94 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

1 113 529 (7.)
335/km² (7.)
Hymne «Aan de rand van Hollands gouwen»
Offisiell nettstad www.overijssel.nl

Overijssel (latin Transiselania) er ein provins i Nederland og ligg aust i sentrale delar av landet. Namnet tyder «landet på andre sida av elva IJssel». Administrasjonssenteret i provinsen er Zwolle.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Overijssel grensar til Tyskland i aust, Gelderland i sør, Flevoland i vest og Friesland og dei tidlegare lyngheiene i Drenthe i nord. Overijssel består av tre regionar Kop van Overijssel i nordvest, Salland i midten og Twente i aust. Bortsett frå Zwolle er andre store byar Almelo, Deventer, Enschede og Hengelo.

I søraust er provinsen hovudsakleg sandete med eit par mindre elvar som Regge og Dinkel. Dei nordlege delane av provinsen var ein gong myrlendt og torv frå dette området vart i tidlegare i stor grad utnytta til brensel. I dag er det berre få område att frå desse myrene.

Det høgaste punktet i Overijssel er toppen Tankenberg, ein ås i kommunen Losser på 89 meter over havet. Det lågaste punktet er Mastenbroek polder nær Kampen på 2 meter under havnivå.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Overijssel vart tidlegare kalla Oversticht. I 1336 vart han ein del av Geldern, men vart seinare avstått til erkebiskopen av Utrecht i 1347 og kjend som het Sticht. Biskopane gav Oversticht vidare til keisar Karl V av Det tysk-romerske riket i 1528, som kalla seg sjølv «Herre over Overijssel», og som slik gav provinsen det moderne namnet. Folket i provinsen slo seg saman med dei andre nederlendingane i opprøret mot Karl V sin arving, Filip II av Spania.

Etter ein kort okkupasjon av styrkane til biskopen av Münster (1672–74) fekk Overijssel eit nytt styre som gav statthaldaren mykje makt. Det var mykje motstand mot dette i heile provinsen og det heile enda med opprettinga av Den bataviske republikken i 1795. Frankrike annekterte Den bataviske republikken i 1810 og Overijssel vart ein del av det franske departementet Bouches-de-l'Yssel. Etter Napoleon sitt nederlang i 1814 vart Det sameinte kongedømet Nederland oppretta, som Overijssel så vart ein del av.

Noordoostpolder vart oppretta og tørrlagd i 1942 og var ein del av Overijssel frå 1962 til 1986, då han vart ein del av den nye provinsen Flevoland.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Overijssel består av følgjande 25 kommunar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]