Henrik II av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik II
Henri II roi de France.jpg
Konge av Frankrike
Regjeringstid31. mars 1547–10. juli 1559
Fødd31. mars 1519 (juliansk)
FødestadSaint-Germain-en-Laye
Død10. juli 1559 (juliansk)
DødsstadHôtel des Tournelles
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
Gift medKatharina de' Medici
DynastiHuset Valois
FarFrans I av Frankrike
MorClaude av Frankrike
BornFrans II av Frankrike
Elisabeth
Claude
Karl IX
Henrik III
Margrete
François, hertug av Anjou

Henrik II (31. mars 151910. juli 1559) var konge av Frankrike frå 31. mars 1547 til han døydde. Han var medlem av fyrstehuset Valois og son og etterfølgjar av Frans I av Frankrike.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Måleri av Henrik II som barn.

Henrik var fødd på slottet Saint-Germain-en-Laye som son av Frans I og Claude av Frankrike. Far hans blei teken til fange i slaget ved Pavia i 1525 av erkefienden sin, keisar Karl V, og blei halden som fange i Spania.[1] Til gjengjeld for hans frigjevinga hans blei det gjort ein avtale om at die to sønene hans Henrik og Frans (1518-36) skulle sendast til Spania og overta plassen hans i fengselet. Brørne sat fanga i Spania i tre år.

Katarina av Medici og Diane de Poitiers[endre | endre wikiteksten]

Henrik inngjekk eit arrangert ekteskap med Katarina av Medici den 28. oktober 1533, då begge var fjorten år.

Året etter innleidde Henrik eit forhold til den 35-årige enka Diane de Poitiers. Dei hadde tidlegare hatt ein nær venskap, og ho hadde omfamna han offentleg den dagen han blei send til Spania. Diane blei Henrik sin fortrulege ved hoffet, og i dei neste 25 år aoppnådde ho stor innverknad og underskreiv attpåtil kongelege dokument. Mot denne sjølvsikre, mogne og intelligente kvinne hadde Katarina ingen sjanse.[2] Diane insisterte likevel på at Henrik skulle vera nok med Katarina til å få arvingar.[3]

Konge[endre | endre wikiteksten]

Då Henrik sin storebror Frans døydde i 1536 etter ein tenniskamp, blei Henrik tronfølgjar. Han etterfølgde far sin på trona på 28-årsdagen sin, og blei krona til konge av Frankrike den 25. juli 1547 i Notre-Dame-katedralen i Reims.

Regjeringstida hans var prega av krigen mot Austerrike og den valdsame forfølginga av dei protestantiske hugenottane. Kongen lét dei brenna levande, eller lét tunga skjera ut på dei som straff for trua deira. Mistanke åleine kunne føra til fengsel på livstid.

Henrik var òg særs streng mot legar i samtida, og meinte dei skulle skuldast for drap dersom familiemedlemmer meinte dei hadde forårsaka døden til ein pasient.[4]

Den fatale turneringa med Henrik II og Gabriel Montgomery

Død[endre | endre wikiteksten]

Henrik dreiv entusiastisk med jakt og turneringar. Under eit tevling halden 1. juli 1559 for å feira ein fredsavtale med erkefienden Habsburg og giftarmålet mellom dottera Elisabet og Filip II av Spania, fekk han eit stykke av lansen til Gabriel Montgomerys (kaptein for den kongelege skotske livgarden) inn gjennom auget og inn i hjernen. Kongen lei frykteleg av skadane og døydde av dei.

Då Henrik låg på dødsleiet, avgjorde Katarina suverent kven som kunne få tilgang til kongen. Sjølv om han fleire gonger spurde etter elskerinna, Diane de Poitiers, nekta Katarina ho å kome. Etter at Henrik døydde fekk Katarina forvist Diane frå hoffet.

Henrik blei etterfølgd av sonen Frans II, som døydde året etter, og så blei etterfølgd av dei to brørne sine. Mor deira fungerte som regent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tazón: The life and times of Thomas Stukeley (c.1525-78), s. 16.
  2. Arnold-Baker: The companion to British history, s. 254.
  3. Prinsesse Michael af Kent: The Serpent and The Moon: two rivals for the love of a Renaissance king
  4. Louis-Sébastien Mercier: Tablå over Paris (s. 127), forlaget Unipub, Oslo 2010, ISBN 978-82-7477-336-3