Henrik Reinert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Reinert
Fødd17. september 1832
Sandefjord
Død15. november 1915
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkegrosserer, politikar

Henrik Andreas Reinert (fødd 17. september 1832) var ein norsk handelsmann og stortingsmann frå Sandefjord. Han representerte Venstre.

Reinert var son til ein skipper og fyrforvaltar. Han slo seg ned som handelmann i Moss. Der var han medlem av bystyret, ordførar ei tid. Perioden 1892-94 var han Moss og Drøbak sin representant på Stortinget. I 1893 hadde han permisjon frå 11. mai, i 1894 frå 16. april. Han var 1892-93 medlem av konstitusjonskomiteen, 1894 av justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914