Hestebønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestebønne
Hestebønne
Hestebønne
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Fabales
Familie: Ertefamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Fabeae
Slekt: Vikkeslekta Vicia
Art: Hestebønne V. faba
Vitskapleg namn
Vicia faba

Hestebønne (Vicia faba) er ein eittårig art i erteblomfamilien. Han blir også kalla åkerbønne, bønnevikke, bondebønne og velsk bønne. Frøa kan brukast til mat for menneske, men blir også brukt som fôrvekst og eventuelt som oljevekst.

Hestebønna blir 40–90 cm høg. Ho har ikkje klatretrådar. Blomane er kvite med to svarte flekkar. Belgane kan bli over 10 cm lange og har innvendig eit tjukt svampete vev som omgjev dei store flate frøa.

Hestebønne er ein gammal kulturplante, og var vanleg dyrket allereie i oldtida. Frøea blei brukt til brød og graut. Planten blir i dag særleg dyrka i Egypt, Sør-Europa, Tyskland og England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]