Hildegard Falck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hildegard Falck


Fødenamn Hildegard Janze
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 8. juni 1949 (74 år)
Bad Münder am Deister
Idrett 800 meter, friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – women's 4 × 400 metres relay, 1971 European Athletics Championships – women's 4 × 400 metres relay

Hildegard Falck (fødd Hildegard Janze8. juni 1949) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Ho vart olympisk meister på 800 meter i 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Med tida 2.02,8 på 800 plasserte Hildegard Janze seg på sjetteplassen på verdsstatistikken for 1970. Same året vann ho det fyrste av tre nasjonale meisterskapsgull på spesialdistansen. Den 11. juli 1971 forsvarte ho, som Hildegard Falck, den vesttyske meistertittelen på Neckarstadion i Stuttgart, og forbetra samstundes verdsrekorden, som Vera Nikolić hadde på 2.00,5, med heile to sekundar til 1.58,5, ein rekord som vart ståande i to år. Falck var favoritt til å vinne EM-gullet i Helsinki to månader etter rekordløpet, men der snubla og fall ho og ein annan favoritt, austtyske Gunhild Hoffmeister, og begge braut løpet. Seinare i Helsinki-EM sprang Falck den tredje etappen for det vesttyske laget som tok sølv i 4 x 400 m stafett.

Den 3. september 1972, på den olympiske heimebana i München, lukkast Falck å vinne den olympiske gullmedaljen på 800 m, hardt pressa av Nijolė Sabaitė frå Sovjetunionen. Vinnartida vart 1.58,55, Sabaitė fekk 1.58,65 og bronsevinnar Hoffmeister 1.59.16. Ei veke etter gullløpet sprang Falck på ny den tredje etappen for Vest-Tyskland, her enda ho opp med ein OL-bronse.

Falck vart i 1973 vesttysk meister på 800 m for tredje gong. Våren 1971 vann ho elles 800 m ved innandørs-EM i Sofia. Ho la opp i 1974.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]