Hinnelabyrint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hinnelabyrinten

Hinnelabyrinten (av latin labyrinthus membranaceus) er ein struktur av væskefylte røyr og kammer i det indre øyret som inneheld sanseceller for balanse og høyrsle. Den ligg inni beinlabyrinten og har den same formen, men er mykje mindre og er delvis skild frå beinveggane av ei væske kalla perilymfe.[1] Nokre plassar er den festa til veggane i hòla.

Hinnelabyrinten inneheld ei væske kalla endolymfe.[1] Veggane i hinnelabyrinten er fôra med distribusjonar av likevektshøyrenerva. På innsida av vestibulum auris mistar hinnelabyrinten noko av forma til knokkelhòla, der den er samansett av to membransekkar, utriculus og sacculus.

I hinnelabyrinten finn ein sansecellene i det indre øyret, såkalla hårceller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «hinnelabyrint». Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Norsk landbruksordbok. Henta 16. februar 2015. 


Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.