Tragus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den ytre overflata av øyremuslingen

Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresk tragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2] Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]

Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]

Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (13. februar 2009). «tragus». Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2015. 
  2. Webster. «Tragus: Meanining». Merriam-Webster. Henta 13. januar 2013. 
  3. «Tragus: Definition». Collins English Dictionary. Henta 13. januar 2013. 
  4. Muller, Raulf. «A numerical study of the role of tragus in the big brown bat». Research Gate. Henta 13. januar 2013. 
  5. «Fistula test». Harley Street E-Clinic. Henta 13. januar 2013. 


Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.