Hjalmar Fredrik Gjertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjalmar Fredrik Gjertsen
Fødd 6. juli 1885
Porsgrunn
Død

4. juli 1958

Yrke oppdagar

Hjalmar Fredrik Gjertsen (6. juli 18854. juli 1958) var ein norsk skipskaptein, kanskje mest kjend som andrestyrmann på «Fram» på ferda til Antarktis med Roald Amundsen i 1910-1912.

Gjertsen vart fødd i Porsgrunn som son av skipsreiar Andreas Gjertsen. Som ein av dei beste elevane på Sjøkrigsskulen fekk han æra av å bere slepet til dronning Maud av Noreg under kroninga i Nidarosdomen i 1906. I tillegg til Sjøkrigsskulen gjekk han på kurs hos oseanografen Bjørn Helland-Hansen for å vere assistent under dei oseanografiske undersøkingane på den tredje Fram-ferda.

Gjertsen ønskte òg å delta på Endurance-ekspedisjonen med Ernest Shackleton i 1914, men permisjonssøknaden frå marinen tok for lang tid til at han nådde avreisa i tide. Permisjonen han fekk nytta han til å utdanne seg til flygar ved École d’aviation Deperdussin i Reims i Frankrike. Dette kom av at Amundsen ønskte å ha med seg fly og flygarar til ein ekspedisjon til Nordpolen. Han vart så flygar i Marinens Flyvevesen. I 1916 måtte han nødlande på vatnet mellom Drøbak og Steilene, men fekk berga både seg sjølv og flyet.

Han deltok så i hydrografiske undersøkingar på Svalbard i 1920-1921, og i 1925-1925 vart han styrmann og islos på kvalkokeriet «Sir James Clark Ross» under den første kvalfangstekspedisjonen til Rosshavet. Året etter var han sjef og styrmann på kvalkokeriet «N.T. Nilsen-Alonso» på den tredje ekspedisjonen til Rosshavet.

I 1929 ledet han ekspedisjonen med Michael Sars til Austisen, som for regjeringa skulle berge forliste selfangarar som hadde fått skutene sine skrudd ned i isen. I 1933-1935 var Gjertsen kaptein på ekspedisjonsskipet Jacob Ruppert på admiral Richard E. Byrds 2. Antarktis-ekspedisjon.

Under andre verdskrigen, frå 1943 til 1945 sat han som norsk offiser i tysk konsentrasjonsleir, men overlevde. Han vart etter krigen og fram til 1948 administrerande direktør ved Langesunds mekaniske verksted.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]