Hjalmar Lundbohm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjalmar Lundbohm
Hjalmar Lundbohm.png
Fødd 25. april 1855
Ödeborg
Død

4. april 1926

Hjalmar Lundbohm på Commons

Johan Olof Hjalmar Lundbohm (25. april 18554. april 1926), kjend som Hjalmar Lundbohm, var ein svensk geolog, kjemikar, bedriftsleiar og kunstekspert. Han var den første disponenten for gruveselskapet LKAB i Kiruna.

Hjalmar Lundbohm var son av lensmannen August Ferdinand Lundbohm og prestedottera Augusta Hammarin. Han studerte kjemi og geologi i Göteborg. I 1889 gjorde han si første reise til Lappland for å undersøka apatittførekomstane i Nord-Sverige som statsgeolog. Året etter kom han tilbake for å undersøka dei geologiske tilhøva i Kiirunavaara.

Den svenske riksdagen og det norske Stortinget avgjorde at Malmbanen skulle forlengjast frå Gällivare til Narvik, blei Lundbohm tilsett av LKAB i Kiruna. Lundbohm tok også over driftsansvaret i Malmberget.

Lundbohm reiste mye, og var seks gonger i USA. Han var god ven med prinsane Gustav Adolf og Prins Eugen. Kunstinteressa hans gjorde at han blei kjent med dei store kunstnarane i samtida, som Anders Zorn, Carl Larsson, Bruno Liljefors og Albert Engström, i tillegg til forfattaren August Strindberg. Han bygde også opp ei viktig kunstsamling.

Hjalmar Lundbohm blir i dag rekna som grunnleggjaren av byen Kiruna.

17. februar 1914 blei Lundbohm utnemn til kommandør av 2. klasse av St. Olavs Orden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges statskalender for året 1919, efter offentlig foranstaltning redigeret af B. Rolsted, Kristiania: forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1919, sp. 1163.