Hjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein hjell (norr hjallr) eller fiskehesje er eit røysverk, vanlegvis av tre, for utandørs tørking av fisk. Hjell blir i dag brukt til tørking av torsk og sei i store kvanta.

To seihesjer

Det var tidlegare berre mogleg å henge opp fisken i vinterhalvåret, fordi det gjekk mark i han om sommaren. Det gode seifisket om sommaren var lenge vanskeleg å utnytte til det fulle, fordi det ikkje fanst effektive måtar å konservere seien på. Dette endra seg likevel i 1912, då den trekanta seihesja vart funnen opp av Jens Eriksen frå i Vesterålen. Seihesja gjorde det mogleg å tørke sei også om sommaren. Konstruksjonen sørgde for at dei to halvdelane av tørrfisken vart haldne frå kvarandre, slik at marken ikkje fekk gode vekstvilkår. Hesjer blir også brukt til å tørke torsk om vinteren.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Delvis henta frå wikipedia på bokmål/riksmål