Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For etternamnet, sjå namnet Lange.
Lange


Status i Noreg: NT Nær truga

Lange
Lange

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Gadiformes
Familie: Lotidae
Slekt: ''Molva''
Art: M. molva
Vitskapleg namn
Molva molva

Lange eller longe (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrakt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 35 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.

Leveområdet til lange.
Lange, longe
Namn på andre språk
Norrønt Langa
Svensk Långa
Dansk Lange
Engelsk Common ling
Tysk Leng, Lengfisch
Fransk Lingue blanche
Spansk Barbada, barruenda, lengua de bacalá, lingue, maruca

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Langa lever i temperert klima i Nord-Atlanteren, Nordsjøen og Middelhavet og er vanleg ved Newfoundland, Island, Dei britiske øyane og langs heile norskekysten. Dei viktigaste gyteområda er i Bizkaia og nordvest for Dei britiske øyane.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Langa lever i små stimar eller åleine. Hovudføda er andre fiskar som torsk, makrell, uer, sild og flyndre. Ho tek også krepsdyr og blekksprut.

Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking. Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lange

Kjelder[endre | endre wikiteksten]