Holidays in Eden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holidays in Eden
Studioalbum av Marillion
Utgjeve 24. juni 1991
Innspelt Outside Studios, Oxfordshire, januar - juni 1991
Sjanger Poprock
Neo-progressiv rock
Progressiv rock
Softrock
Lengd 48:17
Selskap EMI (UK), IRS Records (USA)
Produsent Chris Neil
Kritikk

Q 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Marillion-kronologi
Seasons End
(1989)
Holidays in Eden A Singles Collection
(1992)


Holidays in Eden er det sjette studioalbumet til det det britiske rockebandet Marillion. Albumet vart utgjeve i juni 1991.

Albumet nådde 7. plass på den britiske albumlista.[4] Det vart utgjeve tre singlar frå albumet. «Cover My Eyes (Pain and Heaven)» kom ut i mai 1991 og nådde 34. plass på den britiske singellista. «No One Can» kom ut i juni og nådde 33. plass. «Dry Land» kom ut i september og nådde 34. plass.[5]

Arbeidet med det førre albumet, Seaons End, hadde gått overraskande glatt for Marillion. I stor grad skuldast nok det at songar Steve Hogarth hadde hatt med seg fleire idear då han vart medlem i gruppa, og at gruppa på det tidspunktet allereie hadde jobba med musikalske idear i ganske lang tid. Dessutan var både den nye songaren og resten av gruppa særleg skjerpt og ville gjere eit godt inntrykk på kvarandre. Då det var tid for å lage neste album, måtte dei starte heilt frå grunnen av, og det vart ein vanskelegare prosess. Det viste seg at Steve Hogarth og resten av gruppa hadde to ulike metodar for å komponere musikk.

« H is someone who comes up with an idea for a song and will work on it night and day until he beats it into submission. It is only then that he will step back and look at his handiwork to ask the question, is it any good?

The rest of the band are more into navel gazing until we come up with what we think is a gem of an idea, discarding everything else. We'll work on it to polish it up and then stick it in a box for a while, afraid to play with it in case we ruin it and keen to see if we still like it when we get it out again later.

»

Marillion hadde planlagt å bruke Chris Kimsey som produsent for det nye albumet. Han hadde vore produsent for albuma Misplaced Childhood (1985) og Clutching at Straws (1987), med godt resultat. Men Kimsey var oppteke med produsentjobb for The Rolling Stones og hadde ikkje tid, og dermed måtte Marillion finne ein annan produsent. Dei valde Christopher Neil, som tidlegare blant anna hadde produsert Mike + The Mechanics. Han lova å ikkje gjere Marillion til Mike + The Mechanics, men likevel vart Holidays in Eden det mest pop-prega albumet til Marillion.

Holidays in Eden vart utgjeve i remastra utgåve i februar 1998, med demoversjonar, B-spor og alternative versjonar. Albumet finst òg i ein remastra utgåve utan bonus-CD-en.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Splintering Heart»   6:54
2. «Cover My Eyes (Pain and Heaven)»   3:54
3. «The Party»   5:36
4. «No One Can»   4:41
5. «Holidays in Eden»   5:38
6. «Dry Land»   4:43
7. «Waiting to Happen»   5:01
8. «This Town»   3:18
9. «The Rakes Progress»   1:54
10. «100 Nights»   6:41

Amerikansk versjon[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «No One Can»   4:39
2. «Splintering Heart»   6:51
3. «The Party»   5:36
4. «A Collection»   3:00
5. «Holidays in Eden»   5:28
6. «How Can It Hurt»   4:10
7. «Dry Land»   4:43
8. «Waiting to Happen»   4:56
9. «This Town»   3:18
10. «The Rakes Progress»   1:54
11. «100 Nights»   6:41
Bonusspor på 1998-utgåva
# Tittel Lengd
1. «Sympathy»   3:30
2. «How Can It Hurt» (b-side frå «Cover my Eyes») 4:11
3. «A Collection»   3:00
4. «Cover My Eyes» (akustisk version -) 2:34
5. «Sympathy» (akustisk version - b-side frå No One Can part 2 cdmaxi) 2:30
6. «I Will Walk on Water» (alternative mix) 5:14
7. «Splintering Heart» (live at the Moles Club) 6:42
8. «You Don't Need Anyone» (Moles Club demo) 4:04
9. «No One Can» (Moles Club demo) 4:51
10. «The Party» (Moles Club demo) 5:45
11. «This Town» (Moles Club demo) 4:16
12. «Waiting to Happen» (Moles Club demo) 5:31
13. «Eric»   2:32
14. «The Epic (Fairground)» (Mushroom Farm demo) 8:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1991 UK Album Chart 7[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Henderson, Dave. Holidays in Eden review. Q. juli 1991.
  • Demalon, Tom (2011 [last update]). «Holidays in Eden - Marillion | AllMusic». allmusic.com. Henta 4 juli 2011. 
  • Sollow, Stephanie (2011 [last update]). «ProgressiveWorld.net». progressiveworld.net. Henta 4 juli 2011. 
  • everyhit.com
  • everyhit.com
  • «Liste Stats - Marillion - Holidays In Eden». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen 2012-07-30. Henta 11. september 2012.