Happiness is the Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Happiness Is the Road
Studioalbum av Marillion
Utgjeve 20. oktober 2008 (Physical Release)
Innspelt The Racket Club, Buckinghamshire, 2007/2008
Sjanger Progressiv rock
Lengd 108:06
Selskap Intact Records, EMI
Produsent Michael Hunter & Marillion
Kritikk
Marillion-kronologi
Somewhere Else
(2007)
Happiness Is the Road Early Stages (2008)


Happiness is the Road er det 15. studioalbumet til det britiske progressiv rock-banda Marillion. Albumet vart først utgjeve 20. oktober 2008 i to versjonar, som dobbelalbum og som to separate 1CD-utgjevingar, og dessutan som nedlastbare lydfiler.

Med unntak av USA og Polen vart Happiness is the Road på dette tidspunktet ikkje selt i vanlege platebutikker, men berre frå nettsida til Marillion.[3] Etter ynskje frå mange av tilhengjarane til gruppa har Marillion valt å likevel selje albumet i vanlege platebutikkar. 2CD-utgåva av Happiness is the Road blir utgjeve av EMI på Marillion sitt eige platemerke Intact i Storbritannia, Nederland, Tyskland, Frankrike, Italia, Spania og Skandinavia 2. februar 2009.[4]

10. september la Marillion ut albumet til gratis, lovleg nedlasting på fildelingsnettverk. Når desse filene blir avspelt, blir det opna eit interaktivt vindauge med ei melding frå gruppa og ei oppfordring til å kjøpe musikk og andre bandprodukt direkte frå gruppa si nettside. Marillion har uttalt at dei ikkje støttar ulovleg nedlasting av musikk, men at dette initiativet var eit forsøk på å få noko positivt ut av den nedlastinga som uansett skjer.[5]

Albumet er delvis eit konseptalbum rundt tema som andelegheit og meininga med livet.[6] I likskap med fleire av dei tidlegare albuma til Marillion, vart Happines is the Road førehandsselt frå gruppa si nettside.[7]

Under turneen i etterkant av albumutgjevinga gjorde Marillion eit forsøk med å ta opp alle konsertane, og gje ut opptaka som lydfiler allereie dagen etter kvar konsert. Til saman vart 14 av dei 16 konsertane i november 2008 utgjeve. Konserten på the Forum i London 19. november vart òg gjeve ut på dobbelt-CD i avgrensa opplag og selt til konsertpublikummet alt same kveld.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All music written by Marillion, lyrics by Steve Hogarth

Volum 1: Essence[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Dreamy Street»     2:02
2. «This Train Is My Life»     4:50
3. «Essence»     6:29
4. «Wrapped Up in Time»     5:06
5. «Liquidity»     2:12
6. «Nothing Fills the Hole»     3:23
7. «Woke Up»     3:40
8. «Trap the Spark»     5:43
9. «A State of Mind»     4:33
10. «Happiness Is the Road»     10:05
11. «(blank)»     1:59
12. «Half-Full Jam»     6:48 (hidden track)

Volum 2: The Hard Shoulder[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Thunder Fly»     6:24
2. «The Man from the Planet Marzipan»     7:55
3. «Asylum Satellite 1»     9:32
4. «Older Than Me»     3:11
5. «Throw Me Out»     4:01
6. «Half the World»     5:08
7. «Whatever Is Wrong with You»     4:16
8. «Especially True»     4:37
9. «Real Tears for Sale»     7:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

  • Sam Morris – Valthorn på «Real Tears For Sale»
  • S. Claydon – Arco Bass
  • S. Audley – Dulcimer
  • P. Bisset – Stemnd perkusjon
  • Jon Hotten – Overarbeidd tamburin
  • Emil Hogarth – Ultralydhjarteslag på «Dreamy Street»
  • Dawn Roberts – Fingercymbal på «Essence»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]