Marbles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marbles
Studioalbum av Marillion
Utgjeve 27. april 2004
Innspelt The Racket Club, Aylesbury, 2002-2004
Sjanger Progressiv rock, neo-progressiv rock, kunstrock
Lengd 1:08:11
Selskap Intact Records
Produsent Dave Meegan
Kritikk
Marillion-kronologi
The Best of Marillion
(2003)
Marbles Somewhere Else
(2007)

Marbles er det 13. studioalbumet til det britiske progressiv rock-bandet Marillion. Albumet vart utgjeve i mai 2004, og vart spela inn i Marillion sitt eige studio The Racket Club i Aylesbury.

Det vart utgjeve to singlar frå albumet. «You're Gone» nådde sjuandeplass på den britiske singlelista, den beste plasseringa sidan songen «Incommunicado» i 1987. «Don't Hurt Yourself» nådde 16. plass.[6] Begge singlane vart utgjeve i fleire versjonar. Albumet Marbles nådde likevel ikkje inn på Top 40 på den britiske albumlista.[6]

Marbles vart utgjeve både som 1CD-versjon og 2CD-versjon. 1CD-versjonen var den einaste som vart selt i vanlege butikkar, medan 2CD-versjonen vart selt frå nettsida til Marillion. Gruppa reklamerte òg for 2CD-versjonen på dei enkle versjonane som vart selt i CD-butikkane, og dette gav gruppa ein del uvilje blant butikkeigarane, som frykta at platekjøperne ville kjøpe plata direkte frå Marillion, i staden for den enkle versjonen i platebutikkene.

I likskap med dei to føregåande albuma til Marillion kunne Marbles førehandsbestillast frå gruppa si nettside lenge før albumet vart utgjeve. Dette gav gruppa føreseielege inntekter, men førde òg til eit lågare sal etter at albumet kom i sal i vanlege platebutikker. Albumet vart òg utgjeve i ein spesiell 2CD-versjon der alle som førehandsbestilte albumet innan ein viss frist fekk namnet sitt trykt i plateomslaget. Denne versjonen (med over 18 000 namn) vart gjeve til alle som førehandsbestilte albumet (òg dei som ikkje fekk namnet i plateomslaget).

Songen «Ocean Cloud» er inspirert av og dedisert til havroaren Don Allum, som rodde tre gonger over Atlanterhavet, og som nestan omkom då eit uvêr råka han like før han nådde land på den siste turen. Med ei lengd på 17 minutt og 58 sekund er songen den lengste Marillion nokon gong har spelt inn.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Dobbelplate[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Steve Hogarth, all musikk komponert av Steve Hogarth, Marker Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery og Pete Trewavas.

Plate ein
# Tittel Lengd
1. «The Invisible Man»   13:37
2. «Marbles I»   1:42
3. «Genie»   4:54
4. «Fantastic Place»   6:12
5. «The Only Unforgivable Thing»   7:13
6. «Marbles II»   2:02
7. «Ocean Cloud»   17:58
Plate to
# Tittel Lengd
1. «Marbles III»   1:51
2. «The Damage»   4:35
3. «Don't Hurt Yourself»   5:48
4. «You're Gone»   6:25
5. «Angelina»   7:42
6. «Drilling Holes»   5:11
7. «Marbles IV»   1:26
8. «Neverland»   12:10

Enkelplate[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «The Invisible Man»   13:37
2. «Marbles I»   1:42
3. «You're Gone»   6:25
4. «Angelina»   7:42
5. «Marbles II»   2:02
6. «Don't Hurt Yourself»   5:48
7. «Fantastic Place»   6:12
8. «Marbles III»   1:51
9. «Drilling Holes»   5:11
10. «Marbles IV»   1:26
11. «Neverland»   12:10
Bonusspor i Europa
# Tittel Lengd
12. «You're Gone» (single mix) 4:05
Bonusspor i Nord-Amerika
# Tittel Lengd
13. «Don't Hurt Yourself» (musikkvideo)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Betty Clarke The Guardian, 30th april 2004.
  3. Tim Jones Record Collector, mai 2004, Issue 297.
  4. Jon Hotten Classic Rock, mai 2004, Issue 66.
  5. Roger Newell Gitarist, juni 2004
  6. 6,0 6,1 everyhit.com