Holly Holy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holly Holy
Singel av Neil Diamond
B-side «Hurtin' You Don't Come Easy»
Utgjeve Oktober 1969
Sjanger Pop, rock
Lengd 4:27
Selskap Uni
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Neil Diamond-kronologi
«Sweet Caroline»
(1969)
Holly Holy «Shilo»
(1970)


«Holly Holy» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1969,[1] og vart ein populær oppfølgjar til «Sweet Caroline», med ein sjetteplass på Billboard Hot 100 i USA i desember.[2][3] Han selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.[1]

Songen hadde eit andeleg fokus,[4] og var påverka av gospel[1] og var i følgje Diamond favoritten hans av songane hadde skrive til då.[3] Han byrjar roleg med akustisk gitar mot ei basslinje, og ein enkel tekst med lange vokalar. Gradvis byggjer arrengementet seg opp med eit temposkifte i mellomspelet og inn kjem eit kor i lag med strykarar.

«Holly Holy» vart gjeven ut på albumet Touching You, Touching Me i november 1969.[1] Konsertopptak av songen finst på Hot August Night (frå 1972) og Greatest Hits: 1966–1992 (frå 1992), i tillegg til forskjellige samleplater.

Ein versjon av Jr. Walker & the All Stars vart ein liten R&B-hit i 1971.[1] Nancy Sinatra spelte songen på showet «Movin' with Nancy on Stage» i 1971. I tillegg har han vorte spelt av UB40.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4083/biography. Henta 20. august 2013. 
  2. Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. ISBN 0-8230-7511-7.  s. 88.
  3. 3,0 3,1 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ISBN 1-55022-707-6.  pp. 65–66.
  4. Neil McCormick (2008-03-05), Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts, The Daily Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/arts/main.jhtml?xml=/arts/2008/05/03/bmdiamond103.xml, henta 20. august 2013