Holmen i Asker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Holmen er ein stad som ligg ved Holmenbukta i Indre Oslofjord i Asker kommune. Staden har fått namn etter ein gard som låg her tidlegare. På Holmen er det no kommunal brygge og badestrand med symjehall, eit stort område med med kaier og opplagsplassar for lystbåtar, eit forretningsenter (Holmensenteret), og eit moderne idrettsanlegg med fotballbanar, ishall og meire til.

I tidlegare tider var Holmen eit komunikasjonssenter, basert på båttrafikk på Oslofjorden sumarstid. Brygga på Holmen, på det såkalla Presteskjæret, no ofte kalla Holmenskjæret, var viktig både for persontransport og godstransport, og isblokker frå kunstige isdammar, tømmer frå skogane i Asker og anna vart utskipa herfrå til utlandet. Men vinterstid er og var som oftast fjorden islagt her.

På Holmen låg det i gamal tid ein folkeskule; skulebygningen står enno og har vorte kunstgalleri og kunstnarverkstader med namnet Det gule huset. Holmen skule vart flytta til ein ny og stor skulebygning i mur på Nesbru i januar 1932, men namnet vart framleis Holmen skole, sjølv om Nesbru låg eit godt stykkje unna det opphavlege Holmen. Soleis vart Holmen òg namnet på ein stor, tidlegare skulekrins i Asker kommune, og ei kyrkje i Asker kommune fekk namnet Holmen kyrkje, sjølv om ho ligg langt frå sjølve Holmen, men innanfor den dåverande Holmen skulekrins, som strekte seg heilt til grensa mot grannekommunen Bærum og femna om mellom anna Nesøya.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!