Holmlia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmlia
bydel
Holmlia senter.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Wikimedia Commons: Holmlia

Holmlia er eit område i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, med om lag 12 000 innbyggjarar. Terrenget på Holmlia er kupert, og bustadene er organisert i klynger av lågblokker og rekkehus, med mange vegetasjonsbelte og bilfrie område. Området har vore planlagt slik for å gjere butilhøva best moglege, som eit resultat av lærdomen frå enkelte negative erfaringar frå andre drabantbyar i Oslo. Busetjinga er organisert i burettslag, og OBOS og USBL er sentrale utbyggjarar på Holmlia.

Ein stor del av innbyggjarane er barn og unge. Kvar 4. innbyggjar har vandra inn frå land utanfor Vesten. Bydelen Søndre Nordstrand er eit av dei største og nyaste bustadområda i byen, og har om lag 30 000[treng kjelde] menneske frå 60 ulike nasjonar, med om lag 125 ulike språk.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Holmlia» var først brukt om togstasjonen på Østfoldbanen, som fekk namn etter garden Holm og husmannsplassen Lia.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Strøket vart bygd ut frå slutten av 1970-åra.[1] Den første innflyttinga byrja i 1981.

Ved årsskiftet 2017/2018 vart den faste politiposten på Holmlia nedlagd. Mobile politiposter var (og er) tilgjengelege for utstasjonering i eining Aust i Oslo-politiet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Holmlia. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 31. mai 2018 frå https://snl.no/Holmlia.
  2. Erik Inderhaug (15. mars 2018). «Den siste utposten». Politiforum. Henta 3. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]