Homøopati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sal av homøopatiske legemiddele i den amerikanske matvarekjeden Whole Foods Market.

Homøopati (av gresk hómoios ὅμοιος, 'liknande', og páthos πάθος, 'sjukdom') er ein alternativ behandlingsmetode utvikla av den tyske legen og farmasøyten Samuel Hahnemann (1755–1843). Homøopatisk behandling byggjer på ideen om at likt behandlar likt, slik at eit stoff som forårsakar sjukdomssymptom hjå ein frisk person, vil kurere liknande symptom hjå ein som er sjuk.

Hahnemann meinte at den underliggjande årsaka til sjukdom var fenomen som blei kalla «miasmar», og at homøopatiske remediar kunne motverka miasmane. Remediane blei tillaga ved å tynna ut utvalde stoff fleire gonger i alkohol eller destillert vatn, før ein banka dei flere gonger mot eon skinnbibel, eller noko anna med liknande eigenskapar.[1] Kvar fortynning med etterfølgjande banking skulle auka potenseringa til remediet. Ofte blei remedia fortynna så mykje at det ikkje var att noko av det opphavlege stoffet.[2] Ifølgje Hahnemann skulle homøopaten velja remediar ved å konsultera særskilde oppslagsverk og vurdera pasienten sine symptom. personlege eigenskapar, fysiske og psykiske tilstand og livshistorie.[3]

Forsking har vist at homøopatiske remediar er uten verknad, og at dei heller ikkje har nokon plausible verknadsmekanismar.[4][5][6][7] Omfattande studiar har vist at remedia ikkje er meir effektive enn placebomiddel, slik at einkvar positiv effekt etter behandling berre kan skuldast placeboeffekten eller normal læking frå sjukdom.[8][9][10] Teoriane om korleis sjukdom, kroppen, stoff, væsker og løysingar verker kan motbevisast av ei rekkje oppdagingar innan biologi, psykologi, fysikk og kjemi i dei to hundreåra sidan dei blei lagt fram.[9][11][12][13][14] Bruk av homøopati blir frarådd fordi det kan få pasientar frå å bruka effektive behandlingsmetodar mot alvorlege lidingar.[15] Verdas helseorganisasjon (WHO) har åtvara mot å prøva å bruka det mot alvorlege sjukdommar som HIV/AIDS og malaria.[16] Statlege rådgjevingsorgan som National Health and Medical Research Council i Australia, House of Commons Science and Technology Committee i Storbritannia og det sveitsiske innanriksdepartementet har kvar for seg konkludert med at homøopati ikkje verker, og anbefalt at praksien ikkje får økonomisk støtte.[17][18] American Medical Association omtaler homøopati som kvakksalveri.[19]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Remediar ved eit homøopatisk apotek i Varanasi i India.

Trass motstanden er homøopati likevel temmeleg utbreidd i verda, og kan vera del av helsesystemet i fleire land. Det varierer frå land til land kor regulert praksisen er. Dei fleste stader treng ein profesjonell utdanning og lisens for å praktisera homøopati.[20] I Tyskland må ein til dømes ta treårig utdanning for å bli homøopat. I Noreg er homøopat ikkje ein verna tittel og det finst heller inga godkjenningsordning.[21] I fleire europeiske land kan nokre homøopatiske behandlingar dekkast av det offentlege helsevesenet, som i Frankrike, Storbritannia og Luxembourg. I andre land er det ikkje dekka, eller kan ikkje dekkast fordi ein krev vitskapleg prov på at behandlinga er effektiv.[22] Private helseforsikringar kan tidvis dekka homøopatisk behandling.[20]

Styresmaktene i India reknar homøopati som eit av åtte alternative behandlingsmetodar i landet,[23] og har eit eige departement for ayurveda, yoga og naturopati, unani, siddha og homøopati (AYUSH) som ligg under Ministry of Health & Family Welfare.[24] Det finst eit tilsvarande departement på delstatsnivå i Kerala.[25] Ein må ha godkjend diploma i metoden og vera registrert på delstatleg eller føderalstatleg nivå for å praktisera homøopati i India.[26]

Dei fleste homøopatar i Noreg er organisert i Norske Homeopaters Landsforbund.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hahnemann S (1921), The Organon of the Healing Art (6th ed.), aphorism 128, ISBN 0-87983-228-2
  2. Dynamization and Dilution, Complementary and Alternative Medicine, Creighton University Department of Pharmacology, retrieved 2009-03-24
  3. Hahnemann S (1833), The Organon of the Healing Art (5. utg.), aphorisms 5 and 217, ISBN 0-87983-228-2
  4. Ernst, E. (2002), A systematic review of systematic reviews of homeopathy, British Journal of Clinical Pharmacology 54 (6): 577–82, doi:10.1046/j.1365-2125.2002.01699.x, PMC 1874503, PMID 12492603
  5. UK Parliamentary Committee Science and Technology Committee - Evidence Check 2: Homeopathy
  6. Shang, Aijing; Huwiler-Müntener, Karin; Nartey, Linda; Jüni, Peter; Dörig, Stephan; Sterne, Jonathan AC; Pewsner, Daniel; Egger, Matthias (2005), Are the clinical effects of homoeopathy placebo effects? Comparative study of placebocontrolled trials of homoeopathy and allopathy, The Lancet 366 (9487): 726–732, doi:10.1016/S0140-6736(05)67177-2, PMID 16125589
  7. http://nccam.nih.gov/health/homeopathy Homeopathy: An Introduction a NCAAM webpage
  8. Ernst, E. (2002). «A systematic review of systematic reviews of homeopathy». British Journal of Clinical Pharmacology 54 (6): 577–82. PMC 1874503. PMID 12492603. doi:10.1046/j.1365-2125.2002.01699.x. 
  9. 9,0 9,1 Shang, Aijing; Huwiler-Müntener, Karin; Nartey, Linda; Jüni, Peter; Dörig, Stephan; Sterne, Jonathan AC; Pewsner, Daniel; Egger, Matthias (2005), «Are the clinical effects of homoeopathy placebo effects? Comparative study of placebo-controlled trials of homoeopathy and allopathy», The Lancet 366 (9487): 726–732, PMID 16125589, doi:10.1016/S0140-6736(05)67177-2 
  10. Evidence Check 2: Homeopathy - Science and Technology Committee, British House of Commons Science and Technology Committee, 22 February 2010, henta 5. april 2014 
  11. Ernst, E. (December 2012). «Homeopathy: a critique of current clinical research». Skeptical Inquirer 36 (6). 
  12. «Homeopathy». American Cancer Society. Henta 12 October 2014. 
  13. UK Parliamentary Committee Science and Technology Committee - "Evidence Check 2: Homeopathy"
  14. Grimes, D. R. (2012). «Proposed mechanisms for homeopathy are physically impossible». Focus on Alternative and Complementary Therapies 17 (3): 149–155. doi:10.1111/j.2042-7166.2012.01162.x. 
  15. Shaw, DM (2010). «Homeopathy is where the harm is: Five unethical effects of funding unscientific 'remedies'». Journal of Medical Ethics 36 (3): 130–131. PMID 20211989. doi:10.1136/jme.2009.034959. 
  16. Mashta, O (24 August 2009). «WHO warns against using homoeopathy to treat serious diseases». BMJ 339 (aug24 2): b3447–b3447. doi:10.1136/bmj.b3447. 
  17. Musgrave, I (8. april 2014). «No evidence homeopathy is effective: NHMRC review». The Conversation. Henta January 10, 2015. 
  18. «Swiss make New Year's regulations». SWI swissinfo.ch. Henta 16. desember 2015. 
  19. Paul S. Boyer. The Oxford Companion to United States History. ISBN 9780195082098. «After 1847, when regular doctors organized the American Medical Association (AMA), that body led the war on “quackery,” especially targeting dissenting medical groups such as homeopaths, who prescribed infinitesimally small doses of medicine. Ironically, even as the AMA attacked all homeopathy as quackery, educated homeopathic physicians were expelling untrained “quacks” from their ranks.» 
  20. 20,0 20,1 Legal status of traditional medicine and complementary/alternative medicine: a worldwide review, World Health Organization, 2001, ISBN 978-92-4-154548-8 
  21. 21,0 21,1 Rognlien, Bernt (28. oktober 2011), «Homøopati», Store norske leksikon, henta 24. februar 2017 
  22. Slik som (som regel) i Austerrike: Hauptverband der österreichischen Sozialversicherungsträger (31 March 2004), Liste nicht erstattungsfähiger Arzneimittelkategorien gemäß § 351c Abs. 2 ASVG (List of treatments not reimbursable by social service providers in Austria) (på tysk), arkivert frå originalen 6. juli 2011, henta 24. februar 2017 
  23. Alternative System of Health Care, Government of India, arkivert frå originalen den 2. januar 2010, henta 15. januar 2010 
  24. «AYUSH». Government of India. website. 
  25. http://www.homoeoscan.com/2015/06/Kerala-AYUSH-department-Final-nod.html
  26. The Homoeopathy Central Council Act, 1973, s. 15 and Sch. II, Central Council of Homeopathy, India, arkivert frå originalen 23. november 2009, henta 18. januar 2010 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.