Honoratus Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honoratus Bonnevie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1797
Landvik kommune
Død

27. mars 1848 (50 år)
Christiania

Yrke politikar
Språk norsk

Honoratus Bonnevie (15. juni 179727. mars 1848) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var far til Jacob Aall Bonnevie.

Bonnevie var fødd i Landvik, far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1814 og cand. jur. i 1820. Han hadde i åra etter ei rekke stillingar og ombod, mellom anna som sekretær i lovkomiteen 1820-39, notarius ved det juridiske fakultetet og universitetssekretær. Frå 1829 var han ekspedisjonssjef i undervisningsdepartementet. I 1840 vart han borgarmeister i Trondheim.

Bonnevie representerte Trondheim og Levanger på Stortinget i 1845 og i 1848. Begge gongane var han medlem av Lagtinget. I 1845 var han elles medlem av kyrkjekomite nr 2 og av riksretten mot Jørgen Herman Vogt. I 1848 var han formann i bankkomiteen. Han døydde under stortingsopphaldet i Kristiania i 1848.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]