Hoste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hoste
Coughing icon.svg
Klassifikasjonar og ressursar
DiseasesDB17149
MeSHD003371

Hoste er ein refleks som medfører støytvise og kraftige utandingar (ekspirasjonar). Refleksen blir utløyst når visse nervar i luftrøyra blir stimulerte, og mellomgolvet trekk seg automatisk saman. Lufta som er i lungene og luftvegane blir pressa ut med stor fart. Føremålet med å hosta kan vera å fjerna framande element frå luftvegane. Framande element som kroppen prøver å få vekk med hoste kan vera alt frå støv og slim i luftvegane til matbitar ein har sveld feil.

Under sjukdommar som forkjøling, lungebetennelse og bihulebetennelse er hoste og tørr hals svært vanleg. Hoste som varer i 8 veker eller meir blir ofte kalla kronisk hoste. Hoste kan behandlast, eller førebyggast, med middel som hostemedisin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]