Houla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°53′7″N 36°30′42″E
Houla
slette
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Homs guvernement
Koordinatar 34°53′7″N 36°30′42″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Houla eller Houlasletta (arabisk الحولة, al-Ḥūlāh) er eit område som består av tre landsbyar i Homs guvernement sentralt i Syria, nordvest for byen Homs. Landsbyane, Taldou, Kafr Laha og Tell Dahab har kvar 25–30 000 innbyggjarar.[1] Busetnaden er i røynda ein sunnimuslimsk by omgjeve av alawittlandsbyar.[2] Mange av innbyggjarane i Houla-landsbyane er av tyrkisk opphav.[3]

Houla vart skildra på 1800-talet av den engelskmannen Eli Smith som eit lågtliggande landområde på austsida av al-Ansariyahfjella.[4] Ein av landsbyane, Taldou,[5] ligg i utkanten av Houla.[6] Den største landsbyen i Hoularegionen hadde over 20 000 innbyggjarar i 2004 og heiter Kafr Laha (arabisk كفرلاها).[7]

Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Houla i 1226 under Ajjubide-dynastiet og skreiv at staden høyrte til Jund Hims (militærdistriktet Homs).[8]

I mai 2012 vart dei to landsbyane Taldou og al-Shoumarieh[9] utsett for ein stor massakre av sivile og stadige kampar mellom Den frie syriske armeen og Det syriske forsvaret.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Musin, Marat; Kulygina, Olga; Chossudovsky, Michel (editing) (June 1, 2012). «THE HOULA MASSACRE: Opposition Terrorists «Killed Families Loyal to the Government»». Voltaire Network. Arkivert frå originalen den 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014. 
  2. Lyons, John (June 1, 2012). «Syria's deadly dynasty». The Australian. Henta June 9, 2012. 
  3. Hartmann, 2012, s. 54.
  4. Smith, 1841, s. 179.
  5. 5,0 5,1 «Shelling of Houla area in Syria reportedly kills at least 90». Los Angeles Times. 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014. 
  6. 6,0 6,1 «Anger in Syria After Ceasefire 'Massacre'». Sky News. 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014. 
  7. «2004 General Census». Central Bureau of Statistics. Henta 31. mars 2014. 
  8. le Strange, Guy (1890). Palestine Under the Moslems. Palestina Exploration Fund. s. 455. 
  9. «Syria: Armed Terrorist Groups committed Taldao, al-Shoumarieh Massacres». DP News. May 29, 2012. Arkivert frå originalen den 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014.