Huangshi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Huangshi (gul) i Hubei
E’dong-brua kryssar Chang Jiang ved byen Huangshigang i Huangshi

Huangshi (kinesisk skrift 黄石; pinyin Huángshí) er eit byprefektur søraust i provinsen Hubei i det sentrale Kina, der det i søraust grensar mot provinsen Jiangxi. Byprefekturet har eit areal på 4 645 km² og om lag 2,43 millionar ibuarar i 2010.

Huangshi ligg ved søraustbreidda av Chang Jiang og grensar i vest mot Wuhan. Landskapet er prega av åsar og låge fjell, samt mange små og store innsjøar. Høgste fjellet er det 860 moh. høge Sjutoppsfjellet. Gjennomsnittstemperaturen i Hangshi er 17 °C og årleg nedbør 1 400 mm. Snø kan falle frå desember til februar.

Byprefekturet Huangshi omfattar fire bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Huangshi er, gjennom nærleiken til storbyen Wuhan og som stoppestad for fleire av dei store jarnvegane i landet, samt lægje ved Chang Jiang, eit viktig nav i varetransporten og -distribusjonen. I prefekturet er det stor utvinning av mineral som jarn, mangan, gull, kopar, wolfram, molybden, sink, kobolt, sølv, gallium og thallium.

Landbruk er ei stor næringsgrein, der mange av vekstane går til mat, farmasi og parfyme.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 106 i Kina går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing og er innom mellom andre Hengshui, Kaifeng, Ezhou og Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: