Hugla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hugla
Nordenden av øya sett fra aust.
Nordenden av øya sett fra aust.
Geografi
Norway - Hugla.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°11′14″N 12°55′03″EKoordinatar: 66°11′14″N 12°55′03″E

Areal 17,9 km²

Høgaste punkt Hugltinden (624 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 90
Folketettleik 5,0 /km²

Hugla (og skrive Hugløy) er ei øy på kysten av Helgeland. Ho ligg i Nesna kommune. Øya er 17,9 km² og det høgaste punktet er Hugltinden som ligg 624 meter over havet. Det er ein relativt stor bestand av elg på øya, og også eit rikt fugleliv med blant anna havørn.

Hugla ligg der Stifjorden møter Ranfjorden. I sørvest ligg øya Løkta i Dønna kommune, i nordaust ligg Handnesøya og i nordvest Tomma.

Øya har om lag 90 fastbuande, busettinga er konsentrert langs austsida av øya. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk, men mange dagpendlar òg inn til tettstaden Nesna. Tidlegare var det òg stor sysselsetting ved sildoljefabrikken på Vikholmen. I dag driv Vikholmen utvikling AS (VuAS) produksjon av torskeyngel og settefisk.

Det er ferjesamband til Nesna og øyane Handnesøya og Tomma.

Postnummeret er 8720 Vikholmen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]