Handnesøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Handnesøya
Sørsida av Handnesøya
Sørsida av Handnesøya
Geografi
Norway - Handnesøya.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°15′40″N 13°2′3″EKoordinatar: 66°15′40″N 13°2′3″E

Areal 34,4 km²

Høgaste punkt Stokkatinden (599 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 90 (2007)
Folketettleik 2,6 /km²

Handnesøya er ei berglendt øy i Nesna kommune i Nordland. Ho ligg nord for munningen av Sjona. Arealet er 34,4 km², og det høgaste punktet på øya er Stokkatinden som er 599 meter over havet. Øya har om lag 90 innbyggarar (2007), den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Helgelandske driv ferjesamband frå øya til tettstaden Nesna og øyane Tomma og Hugla. Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kan få anløp av Handnesøya ved behov. Øya har eiga kyrkje, Handnesøya kapell.

Postnummeret er 8724 Saura.