Hugleik Alvsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hugleik Alvsson var ein konge av Ynglingeætta, som rådde etter at Alrekssønene Yngve og Alv hadde drepe kvarandre. Han var son av Alv, og rådde på vegner av Yngvesønene Jorund og Eirik.

Ynglingesoga fortel at Hugleik var ein fredeleg konge, rik, men «knipin på gods». Han hadde mange spelemenn i følgjet sitt, som spela harpe, fele og gigje. Han var og i lag med seidmenn og trollmenn, skriv Snorre. Han vart jaga ut og felt av kongane Hake og Hagbard, og fall på Fyrisvollane. Hake sjølv felte han, fortel Snorre. Etter dette rådde Hake for Uppsala i tre vintrar, og kjempene hans var ute på hærferd. Søskenbarna til Hugleik, Jorund og Eirik, kom sidan attende og hemna han.

Hugleik er berre nemnd i Ynglingesoga, nærast som eit innskot i ei rekkje på tre ættleder med samkongar: Alrek og Eirik, Yngve og Alv, Jorund og Eirik. Det er og noko overnaturleg med Hugleik, sidan han heng saman med trollkunnige folk (og ei mengd spelemenn).

Hugleik kan knytast til namnet Hygelac. Hygelac er nemnd som hærkonge i Béowulf, og var konge over gautane noko seinare. Han er elles berre nemnd i Ynglingesoga, og ikkje i andre kjelder. Hake er bror av Hagbard, kjend frå forteljinga om Hagbard og Signe, og moglegvis same mann som Hoc Healfdene, nemnd i Béowulf. Her er han far til Hnæf og Hildeburh, som båe var blanda inn i Finnsborgstriden. Hnæf er omtala som hocing ('son av Hoc'), eller healfdene, eit namn som sidan feste seg som eigennamn (Halvdan).