Hunderfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demninga i Hunderfossen
Foto: Erlend Bjørtvedt

Hunderfossen er ein om lag sju meter høg foss i elva Gudbrandsdalslågen, på strekninga mellom Fåberg og Granrudmoen i Gudbrandsdalen i Innlandet. Fossen ligg i Lillehammer kommune, om lag 15 kilometer nord for byen Lillehammer og 3 kilometer sør for Granrudmoen.

Det er bygd ei nesten tre hundre meter lang og seksten meter høg demning over elva i samband med fossen, som saman med Ensbyfalla gjev ei fallhøgd på 46,7 meter for Hunderfossen kraftverk rett nedanfor. Forbi anlegget er det bygd ei 170 meter lang laksetrapp (fisketrapp) for å sleppe laks og anna fisk forbi. Over demninga er det lagt ein gang- og sykkelveg.

Ved dammen er det òg etablert eit utandørs visningsanlegg for oppdrett av den særlege hunder-aura. Her vert det produsert 20 000 aurer i året som vert sett ut i elva som erstatning for dei gyteplassane som vart borte på grunn av kraftutbygginga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]