Hymiskviða

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tor og Hyme på fisketur etter Midgardsormen
Midgardsormen blir fiska av Tor, med eit oksehovud som åte. Illustrasjon frå eit islandsk manuskript frå 1600-talet.

Hymiskviða (nynorsk Hymeskvida eller Hymeskvæde) er eit kvad i den eldre Edda, kvadet om Hyme (Hymir). Mellom anna handlar kvadet om guden Tor, som heldt på å dra opp Midgardsormen. Innhaldet i kvadet kan verka forvirrande, men handlinga kan oppsummerast slik:

Æsene vitja Ægir, og fann ut at han hadde mange gryter, og difor kunne vera vertskap for dei frametter. Ægir måtte gå med på dette, men stilde eit vilkår. Vilkåret var at æsene måtte ta med seg ei gryte som var stor nok til at mat nok til dei alle kunne varmast. Slik ei stor gryte kunne ikkje skaffast utan vidare. Týr kom på at faren Hyme eigde ei slik gryte. Elles er Týr rekna å vera son av Odin. Æsene reiste av garde til Hyme sin bustad. Tor åt der så mykje at Hyme og gjestane måtte ut på fisketur. I løpet av fisketuren fekk Tor sjøvaste Midgardsormen på kroken. Tor fekk syna fram styrken sin, men Hymir erta han og sa at han kunne ikkje verta kalla sterk om han ikkje kunne knusa Hyme sitt drikkebeger. Begeret var magisk, og kunne berre knusast ved å hiva det mot hovudet til Hyme. Tor fekk til slutt vita om dette, og ynskte å prøva det ut. Hyme sa då at æsene kunne ta med seg gryta og reisa derifrå.

Utdrag frå Hymeskvæde[endre | endre wikiteksten]

Omsett av Ivar Mortensson-Egnund

Egnde han ongul
med ukse-hovud,
mannheims bergar,
orme-banen.
Då gein yver kroken
han som gudar hatar,
som seg ringar
rundt um land.
Drog då djerveleg
dådraske Tor
eitrande ormen
upp i vass-målet.
Hamaren skrall
i håberget
på den òv-ljote
ulve-frenden
Uvettet ylte,
det óma i fjell,
heile utgamle
jordi ho skalv.
[Men Hyme tok kniven
og kipte av snøret.]
Og fisken han kvarv
i kav so fort.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]