I'll Be There av Bobby Darin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I'll Be There
Singel av Gerry and the Pacemakers
B-side «Baby You're So Good to Me»
Utgjeve Mars 1965
Innspelt 10. november 1964, Abbey Road i London[1]
Sjanger Pop
Selskap Columbia (UK)

Laurie (US) Capitol (Canada)

Låtskrivar(ar) Bobby Darin
Produsent George Martin
Gerry and the Pacemakers-kronologi
«Ferry Cross the Mersey»

(1964)

I'll Be There «Walk Hand in Hand»

(1965)


I'll Be There
Song av Elvis Presley
frå albumet Let's Be Friends
Utgjeve April 1970
Innspelt 23. januar 1969
Lengd 2:21
Selskap RCA Camden
Låtskrivar(ar) Bobby Darin

«I'll Be There» er ein song skriven og opphavleg spelt inn av Bobby Darin i 1960. Han vart først gjeven ut som B-sida til singelen «Bill Bailey» (ATCO 6167).[2] Denne singelen gjekk inn på Billboard-lista den 11. september 1960 og nådde 79. plassen.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Gerry and the Pacemakers spelte ofte songen som avslutningssong på The Cavern Club og då dei gav han ut på singel nådde han toppen av singellista i Canada.

Elvis Presley spelte inn ein versjon av songen tidleg i 1969. Songen kom ut i april 1970 på albumet Let's Be Friends.

Andre innspelingar av songen vart gjort av Cissy Houston, som gav han ut på singel i 1970, og Cass Elliot, på albumet hennar Cass Elliot (1972). Han vart òg sungen av Daveigh Chase i ein episode av fjernsynsserien Big Love.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.britbands.bravepages.com/gerrydiary.html Gerry Marsden's diary
  2. http://www.bobbydarin.net/bailey.html Bobby Darin's single «Bill Bailey»
  3. http://www.bobbydarin.net/billboardhits.html Bobby Darin's Billboard positions

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]