IALA maritime bøyesystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

IALA maritime bøyesystem er eit system for flytande sjømerke, bøyer og stakar tilrådd av IALA og i bruk i store delar av verda. Systemet er delt inn i to variantar for to ulike regionar: Region B er alle amerikanske statar, Japan, Republikken Korea og Filippinane, region A er resten av verda.

Hovudretningslinjene i IALA region A[endre | endre wikiteksten]

  • Kardinalmerke (kompassavmerke) gjev informasjon om farar og kva kompassretning som er trygt farvatn.
  • Lateralmerke (sideavmerke) indikerer skipskanalar og skipsleier.
  • Senterleismerke indikerer djupt vatn.
  • Spesialmerke gjev avgrensing mot område som ikkje skal nyttast til trafikk, til dømes rekreasjonsområde.
  • Frittliggande fare indikerer grunner der det er farbart rundt i alle kompassretningar.

Kvar merketype har sin eigenarta farge, form og om det har lysblink har det sin eigen lyskarakteristikk.

Kardinalsystemet – kompassavmerking[endre | endre wikiteksten]

Dei fire kardinalmerka og plasseringa deira i forhold til faren dei varslar.

Eit av fire merke markerer ein fare i forhold til eit kardinalpunkt. Trafikken vert leia nord, aust, sør eller vest for punktet. Mønster av dei to farga gul og svart samt plassering av to kjegleforma gjenstandar i toppmerket fortel kva kardinalmerke ein observerer og kva side av merke trafikken skal passere:

Kardinal nord (passering nord for merket)[endre | endre wikiteksten]

IALA north cardinal mark.png Cardinal N Q.gif

  • farge : svart – gul
  • toppmerke : to svarte kjegler som begge peikar opp
  • lys : kvitt, framhaldande hurtigblink,

Kardinal aust (passering aust for merket)[endre | endre wikiteksten]

IALA east cardinal mark.png Cardinal E Q.gif

  • farge : svart – gul – svart
  • toppmerke : To svarte kjegler, øvste peikar opp, nedste peikar ned
  • lys : kvit hurtigblink med grupper av tre blink

Kardinal sør (passering sør for merket)[endre | endre wikiteksten]

IALA south cardinal mark.png Cardinal S Q.gif

  • farge : gul – svart
  • toppmerke : to svarte kjegler som begge peikar ned
  • lys : kvit hurtigblink med grupper av seks blink deretter langvarig lys

Kardinal vest (passering vest for merket)[endre | endre wikiteksten]

IALA west cardinal mark.png Cardinal W Q.gif

  • farge : gul – svart – gul
  • toppmerke : To svarte kjegler, øvste peikar ned, nedste peikar opp
  • lys : kvit hurtigblink med grupper av ni blink

Hugsereglar[endre | endre wikiteksten]

Ein hugseregel for lyskarakteristikken er klokkeskiva: nordmerket har kontinuerlege blinkar, austmerket har tre blinkar, sørmerket har seks pluss ein lang medan vestmerket har ni blinkar. Kjeglene på sørmerket peikar ned som sør på kartet, på nordmerket peikar opp som nord på kartet og vestmerket har ei kjegle som ein v på toppen.

Lateralsystemet - sideavmerking[endre | endre wikiteksten]

Lateralmerke ved innseglinga til hamna i Palais på Belle-Île-en-Mer.

Sideavmerking eller lateralmerke vert bruka for å markere ein kanal, ei skipslei eller eit hamneinnlaup. Farge på merke og eventuelt lys samt form på merket fortel om trafikken skal passere med merket om styrbord eller om babord. Trafikk som følgjer merkinga si hovudretning skal ha grøne merke på styrbord side og raude merke om babord, og motsett for trafikk som går mot hovudretninga. I regelen er hovudretninga definert i retning nord og inn fjordar og kanalar, men dette må alltid lesast av sjøkartet.

IALA red mark.png

  • Babord merke : raud sylinder med kvadratisk toppmerke, raudt lys med kva som helst av karakter. Kan ha påskriven eit partal.

IALA green mark.png

  • Styrbord merke : grøn sylinder med konisk toppmerke, grønt lys med kva som helst av karakter. Kan ha påskriven eit oddetal.
Hugsereglar[endre | endre wikiteksten]

Om ein forlèt ei hamn skal ein ha raudt merke om styrbord.

Dei andre merka[endre | endre wikiteksten]

Frittliggande fare[endre | endre wikiteksten]

Frittliggande fare

Merket frittliggande fare eller grunne også kalla midtgrunnemerke. Trafikken kan gå på alle sider av grunnen eller faren som er markert.

  • farge : svart, med to raude band
  • toppmerke : to svarte kuler
  • lys : kvitt
  • karakteristikk : grupper med to hurtigblink

Senterleismerke[endre | endre wikiteksten]

Senterleismerke

Eit senterleismerke kan markere midten av ein kanal eller eit anna trygt område. Trafikken kan gå på alle sider av merket.

  • farge : raud og kvit
  • toppmerke : ei raud kule
  • lys : kvitt
  • karakteristikk : fleire ulike typar langblink

Spesialmerke[endre | endre wikiteksten]

Spesialmerke

Spesialmerka vert nytta til å markere forskjellige typar område som skips- og båttrafikken skal halde klar frå, så som område for militærøvingar, område med kablar eller oljerøyrleidningar, lagringsstader og område for rekreasjon.

  • farge : gul
  • toppmerke : gult kross
  • lys : gul
  • karakteristikk : kva som helst

Hovudretningslinjene i IALA region B[endre | endre wikiteksten]

I det vesentlege skil reglane i systemet for region B seg berre på eit punkt i forhold til region A: lateralmerka har bytt farge. I region B har babord lateralmerke grøn farge og styrbord merke har raud farge. Forma på toppmerket er den same slik at styrbord merke er trekanta / konisk medan babord merke er kvadratisk i begge regionar. Sjå dette dokumentet hos IALA (pdf) som skildrar lateralmerka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]