ISO 8601

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Tidspunktet for nedlastinga av denne sida i ISO 8601:
Dato: 2018-12-14
Kombinert dato og tidspunkt i UTC: 2018-12-14T23:38:02+00:00
2018-12-14T23:38:02Z
20181214T233802Z
Veke: 2018-W50
Dato med vekenummer: 2018-W50-5
Dato utan år: --12-14 (sist i ISO8601:2000, brukt i RFC 6350[1])
Datoen i ordinaltal 2018-348

ISO 8601 er ein internasjonal standard for skrivemåte og utveksling av data om dato og tidspunkt. Standard skrivemåte for dato er YYYY-MM-DD, og for tid hh:mm:ss . Dato og klokkeslett vert separert normalt med eit enkelt mellomrom.

Noreg har akseptert standarden og innlemma han i Norsk standard som «NS-ISO 8601»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Internett og moderne datasystem har gjort at kommunikasjonane verda over vert stadig raskare, enklare og meir brukt. Globale system (til dømes GPS) opererer òg i sanntid.

For føretak der transportsystem, kvalitetskontroll og lilnande er av avgjerande tyding, er det særleg viktig med ei felles forståing av tidspunkt. Også i vitskapleg samanheng (astronomi, arkeologi m.v.) er det viktig at dato og tidspunkt er eintydige.

Det var i erkjenninga av desse tilhøva at ISO 8601 vart konstruert.

Noverande versjon er tredje utgåve, ISO 8601:2004, publisert 2004-12-03. Denne erstatta andre utgåve, ISO 8601:2000. Første utgåva var ISO 8601:1988. Standarden samanfattar fleire tidlegare standardar, m.a. ISO 2014 (numerisk notasjon for datoar) og ISO 2015 (vekenummer), som begge kom i første utgåve i 1971.

Prinsipp[endre | endre wikiteksten]

Datoar og tid skal verta utelukkande skrivne med siffer, dei enkelte elementa kan separerast med gjevne separatorteikn. Nemningane kan forkortast ved at dei minste elementa vert utelate. Til dømes 14:30 for klokka halv tre på ettermiddagen og 2006-05 for mai månad 2006. For høgare presisjon, til dømes deler av sekund, skal dissa delane vera desimalar av talet og verta med separert . (punktum) eller , (komma). Til dømes 14:30:25,32 for 32 hundredelar meir enn 25 sekund.

Døgnet er inndelt i 24 timar.

Standarden brukar sen gregorianske kalenderen. År 0001 samsvarer med år 1 e.Kr.. Året før dette er år 0000, som samsvarer med år 1 f.Kr.. Året før der igjen er år -0001, som samsvarer med år 2 f.Kr..

Trad. år 6 f.Kr. 5 f.Kr. 4 f.Kr. 3 f.Kr. 2 f.Kr. 1 f.Kr. 1 e.Kr. 2 e.Kr. 3 e.Kr. 4 e.Kr. 5 e.Kr. 6 e.Kr. 7 e.Kr.
ISO 8601 −0005 −0004 −0003 −0002 −0001 0000 0001 0002 0003 0004 0005 0006 0007

Dato[endre | endre wikiteksten]

Kalenderdatoar[endre | endre wikiteksten]

YYYY–MM–DD

Standarden tillèt å utelata separatorteikna i eit datautvekslingsformat, til dømes 20060515 for 2006-05-15 eller 15. mai 2006. Standarden tillèt òg å fjerna dei minste elementa, til dømes 2006-05 for mai 2006 eller berre 2006 for året 2006.

Vekedatoar[endre | endre wikiteksten]

Vekedatoer kan brukast i arbeidslivet, der arbeidsuker overlappar årsskiftet. «YYYY» indikerer eit ISO-år. «W» indikerer at dei to neste siffer («ww») er ukenummeret i dette året (01 – 52 eller 01 – 53). «D» markerer vekedagane frå 1 til 7, der 1 er måndag, og 7 er sundag. Ukenummereringen er slik at veka skal tilhøyra det året som dei fleste vekedagane er i. Til dømes vil måndag 29. desember 2008 skrivast 2009-W01-1, og sundag 3. januar 2010 skrivast 2009-W53-7.

Dagnummerdatoar[endre | endre wikiteksten]

YYYY–DDD

Dagnummerdatoer er meint for programmereres bruk i enkle system, der ein til dømes berre skal berekna differensen mellom to datoar. YYYY indikerer året, og DDD indikerer dagnummeret i året. Til dømes vil «1981-04-05» vert skrive 1981-095.

Klokkeslett[endre | endre wikiteksten]

hh:mm:ss

I ISO 8601 er døgnet inndelt i 24 timar. Formatet er hhmmss eller med separatorar hh:mm:ss. hh er timar mellom 00 og 24, der 24 berre vert brukt til å markera sluttpunktet på døgnet. mm er minutt frå 00 til og med 59. ss er sekund frå 00 til og med 59 (eller unnataksvis 60 i det tilfellet at året vert tillagd eit ekstra sekund på grunn av minska jordrotasjon – skotsekund). Såg eit klokkeslett kan kallast som 13:47:30, eller 134730.

Òg her er det tillate å utelata dei minste elementa for mindre presisjon, til dømes hh:mm eller berre hh.

Desimaldelar av dei enkelte elementa kan òg brukast. Disse skal då separerast med punktum (.) eller komma (,). Desimaldelar kan berre tildelast det mest presise (siste) elementet. Til dømes vil 14:30,5 tilsvarte 14:30:30. 14:30:30,25 vil seia 25 hundredelar i tillegg.

Midnatt er eit unntakstilfelle og kan skrivast både 00:00 og 24:00. Skrivemåten 00:00 vert brukt for byrjinga av døgnet, og er det mest vanleg brukte. 24:00 vert berre brukt for å markera slutten på eit døgn. 1981-04-05 24:00 er det same tidspunktet som 1981-04-06 00:00.

Tidssoner[endre | endre wikiteksten]

<tid>Z


<tid>±hh:mm:ss <tid>±hh:mm <tid>±hhmm <tid>±hh

Viss inga tidssone er gjeven er det underforstått at tida er angjeven i den lokale tidssona. Ved utveksling av tidspunkt mellom ulike soner er det likevel naudsynt å angje kva for ei sone som tidspunktet gjeld for.

UTC[endre | endre wikiteksten]

Viss tidspunktet er angjeve i UTC, er det enkelt å angje dette ved å føya til ein Z umiddelbart etter tidspunktet (utan mellomrom). «09:30 UTC» vil difor skrivast som 09:30Z eller 0930Z. «14:45:15 UTC» vert skrive anten 14:45:15Z eller 144515Z.

Andre tidssoner[endre | endre wikiteksten]

Andre tidssoner vert spesifisert relativt til UTC, med formatet ±hh:mm, ±hhmm, vanlegast berre ±hh. Så viss tidssona er ein time føre UTC (som til dømes i Noreg om vinteren) vert tilføyelsen +01:00, +0100, vanlegast +01. Dette vert føydd til på same stad som Z ovanfor (umiddelbart etter klokkeslettet). Om sommaren (sommertid) skal vi i Noreg føya til +02. Tidspunktet 18:30Z og 20:30+02 er altså nøyaktig det same.

Kombinerte presentasjonar[endre | endre wikiteksten]

<dato> <tid>YYYY-MM-DD hh:mm:ss<dato>T<tid>YYYY-MM-DDThh:mm:ssYYYYMMDDThhmmss








Når dato og tid skal verta samstundes presentert, skilst dei med eit enkelt mellomrom eller bokstaven T. Formatet vert då <dato> <tid> eller <dato>T<tid>.

Eit fullstendig tidspunkt (inkludert tidssone vil då verta YYYY-MM-DDThh:mm:ss±hh, døme: 1981-04-05T14:30:30+02 eller YYYY-MM-DD hh:mm:ss±hh, døme: 1981-04-05 14:30:30+02.

Varigheit (periode)[endre | endre wikiteksten]

PnYnMnDTnHnMnS

Varigheit vert presentert i formatet PnYnMnDTnHnMnS (NM kan erstattast med nW ved bruk av veke datoformat.) I denne presentasjonen skal n vera mengda i det etterfølgende element (utfyllande null kan brukast for å avklara tvetydige tidspunkt) Dei store bokstavane (P, Y, M, W, D, T, H, M, og S) skal alltid brukast som dei står. Slik vil P3Y6M4DT12H30M0S definera ein periode på "tre år, seks månader, fire dagar, tolv timar, tretti minutt og null sekund". Element kan utelatast viss verdien er null. Alternativt kan eit format meir likt kombinert presentasjon nyttast. Dømet over kan då skrivast som P0003-06-04T12:30:00.

Tidsintervall[endre | endre wikiteksten]

///<start><slutt><start><intervall><intervall><slutt><intervall>






Tidsintervall kan skrivast på fire måtar:

  1. Start og slutt, til dømes: 2002-03-01T13:00:00Z/2003-05-11T15:30:00Z
  2. Start og intervall, til dømes: 2002-03-01T13:00:00Z/P1Y2M10DT2H30M
  3. Intervall og slutt, til dømes: P1Y2M10DT2H30M/2003-05-11T15:30:00Z
  4. Berre intervall, til dømes: P1Y2M10DT2H30M

Dei tre første må separerast med ein indikator som vanlegvis er ein skråstrek (/). Dobbel bindestrek (--) er òg tillate, men vert ikkje rådt til. Eit døme på korrekt skrivemåte er: 1981-04-05 14:30:30-05:00/2004-07-14 15:30:30-05:00. Viss nokre element i den siste delen manglar, vert anteke dei å ha same verdiar som i første element (inkludert tidssone).

Gjentekne intervall[endre | endre wikiteksten]

Gjentekne intervall vert uttrykt ved å føya til Rn/ i byrjinga av uttrykket, der R viser at det er ei gjentaking og n angjev mengda repetisjonar. Dersom n vert utelate, angjev verdien ei uendeleg mengd repetisjonar. Dersom intervallet P1Y2M10DT2H30M skal gjentakast fem gonger med start 2002-03-01 13:00:00Z, vert uttrykt R5/2002-03-01 13:00:00Z/P1Y2M10DT2H30M.

Utgåtte standardar[endre | endre wikiteksten]

Standardane ISO 2014, ISO 2015, ISO 2711, ISO 3307 og ISO 4031 er alle vorte erstatta av ISO 8601.[2]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Ei problemstilling ein unngår med bruk av denne standarden:

UDIs saksbehandler visste ikke at amerikanerne skriver måned før dato. I stevningen fra domstolen var vitneavhøret fastsatt til 05.12.06. Det ble i UDI tolket som 5. desember, mens det var 12. mai.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «RFC 6350 - vCard Format Specification». IETF. August 2011. Henta 2016-06-29. Truncated representation, as specified in [ISO.8601.2000], Sections 5.2.1.3 d), e), and f), is permitted. 
  2. «ISO_8601_2004_E.zip» (PDF) (engelsk). «Annex A … From that concept representations of all other date and time values were logically derived; thus, ISO 2014, ISO 3307 and ISO 4031 have been superseded. … Identification of a particular date by means of ordinal dates (ISO 2711) and by means of the week numbering system (ISO 2015) were alternative methods that the basic concept of this International Standard could also encompass; thus, ISO 2015 and ISO 2711 have now been superseded.» (engelsk) (PDF). «Annex A … From that concept representations of all other date and time values were logically derived; thus, ISO 2014, ISO 3307 and ISO 4031 have been superseded. … Identification of a particular date by means of ordinal dates (ISO 2711) and by means of the week numbering system (ISO 2015) were alternative methods that the basic concept of this International Standard could also encompass; thus, ISO 2015 and ISO 2711 have now been superseded.»